Det nye investeringstilskotet for å sikre drivstofftilgang i distrikta er no klart
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 10.01.2012
Tilgang til drivstoff er viktig der avstandane er store. Regjeringa har derfor sett av vel 21 millionar kroner til å styrke drivstofftilgangen i distrikta. Desse pengane vert no lyste ut, og interesserte kan søke om slike investeringstilskot.
Tilgang til drivstoff er viktig der avstandane er store. Regjeringa har derfor sett av vel 21 millionar kroner til å styrke drivstofftilgangen i distrikta. Desse pengane vert no lyste ut, og interesserte kan søke om slike investeringstilskot.
- Tiltaket er ei viktig styrking av det arbeidet vi gjer for å sikre betre tilgang på gode tenester i distrikta, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Investeringstilskotet skal bidra til å ruste opp og fornye eksisterande drivstoffanlegg og å etablera nye, mobile anlegg. Me har fått meldingar om at det i mange lokalsamfunn er det store utfordringar knytt til å sikre drivstofftilgangen.
Det nye investeringstilskotet vert forvalta gjennom MERKUR-programmet. Dette er eit kompetanse- og utviklingsprogram retta mot daglegvarebutikkar i distrikta. Erfaringane frå innsatsen i MERKUR er gode. Butikkar som er med i MERKUR driv til dels under marginale vilkår, men klarar seg ofte betre enn andre distriktsbutikkar. Desse gode resultata har ført til at MERKUR no har utvida sitt arbeidsfelt.
- Eg veit at nærbutikken er viktig for mange lokalsamfunn. Butikken som møteplass og tenesteleverandør i eit bygdesamfunn kan ikkje overvurderast, det er sjølve limet i bygda, seier kommunal- og regionalministeren. Det er derfor viktig at eg, som ansvarleg for distrikts- og regionalpolitikken, kan vere med og stø opp om slike ”tenestesentra” i dei minste lokalsamfunna i Noreg.
All informasjon om den nye ordninga er å finne på MERKUR-programmet sine heimesider, der finn ein informasjon om kven som kan søkje, og kva kriterium som skal ligge til grunn for fordelinga av midlane. Der finn ein også informasjon om kven ein kan kontakte om ein har spørsmål om ordninga.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.