Historisk arkiv

Eigne tiltak gir fleire kvinner i lokalpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Eigne tiltak for å få fleire kvinner inn i viktige posisjonar i lokalpolitikken hjelper. Det viser evalueringa av prosjektet Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken.

Eigne tiltak for å få fleire kvinner inn i viktige posisjonar i lokalpolitikken hjelper. Det viser evalueringa av prosjektet Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken.

- Evalueringa viser at utviklinga av kvinnedelen i kommunalpolitiske verv er betre i prosjektkommunane enn i landet elles. Her finst også nokre svært gode resultat i enkeltkommunar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Uni Rokkansenteret har evaluert satsinga. Forskarar herifrå har oppsummert alle tiltaka som har vore utprøvde. Dei har sett på effektane for kvinnedelen i kommunestyra og viktige leiarverv i prosjektkommunane.

Dei 22 kommunane har prøvd ut ulike tiltak, til dømes medietrening, kvinnenettverk, møter på dagtid og barnepass under møter.

Evalueringa viser at mange av tiltaka motiverer fleire kvinner til både å delta i lokalpolitikken og ikkje minst til å seie ja til leiarverv. Det har vore vanskeleg å skilje ut eit eller nokre tiltak som har gjeve betre effekt enn andre av dei som har blitt utprøvde. Forskarane peikar på at der vil kome langtidseffektar som ikkje kan målast så kort tid etter prosjektet.

- Eg vil at andre skal få lære av prosjektkommunane og vil mellom anna bidra med råd og eksempel på nett. Enkeltkommunar som Øygarden kommune har også hatt eksepsjonelt gode resultat. Dei har auka kvinnedelen i kommunestyret sitt frå 17 til 51 prosent. Eg er viss på at både Øygarden og andre vil dele sine erfaringar, seier Navarsete.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00