Finalerunde i Statens pris for attraktiv stad 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 14.04.2012
Eldsjeler i Ulsteinvik, Levanger, Bleik, Asker, Seljord, Namsos og Nordfjordeid konkurrerer no om Statens pris for attraktiv stad 2012. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vil offentleggjere kven som vinn 21. mai.
Eldsjeler i Ulsteinvik, Levanger, Bleik, Asker, Seljord, Namsos og Nordfjordeid konkurrerer no om Statens pris for attraktiv stad 2012. Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vil offentleggjere kven som vinn 21. mai.
Sju stader er plukka ut til finalerunden for Statens pris for attraktiv stad 2012. Kandidatar frå Levanger og Namsos i Nord-Trøndelag, Bleik i Nordland, Ulsteinvik i Møre og Romsdal, Asker i Akershus, Seljord i Telemark og Nordfjord i Sogn og Fjordane representerer stadene som juryen for Statens pris for attraktiv stad har plukka ut og vil sjå nærare på.
Juryen har valt ut dei sju finalistane frå ei liste med 238 stader, som har vorte foreslått til årets pris gjennom heile 484 nomineringar frå alle delar av landet. Dei utplukka stadene skal få besøk av jurymedlemmar før den endelege avgjerda om kven som blir vinnar vert offentleggjort 21. mai i år.
Den nye, årlege kåringa skal framheve og heidre kommunar og andre som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad for å bu, arbeide, drive næring og besøke. Kåringa skal bidra til å løfte fram forbilde, som kan inspirere andre til innsats. Prisen er ei pengegåve på 250 000 kroner, som skal gå til vidare opprusting av den aktuelle staden.
Kommunar og andre, som har involvert offentlege, private og frivillige krefter kan få prisen. Føresetnaden er at dei har gjennomført tiltak, som har ført til kvalitetsmessig og estetisk opprustning av ein stad. Opprustinga skal ha teke vare på og vidareutvikla eigenarten til staden på ein nyskapande og berekraftig måte. God utforming av dei fysiske omgjevnadene er ein føresetnad. Leiar for juryen er Erling Dokk Holm, førsteamanuensis ved Norges Markedshøyskole.
- Tiltaka skal vere med og auke attraktiviteten til staden og opplevinga folk har av trivsel, tilhøyrsle og stoltheit for staden, fortel statsråd Liv Signe Navarsete.
- Meir om prisen (lenka går til Distriktssenteret sine heimesider).
Juryen sine grunngjevingar for kvalifiseringa av stadene
Bleik
Bleik er ein tettstad i Nordland med 453 innbyggarar, som ligg på ytst på Andøya, cirka ti kilometer sør for Andenes i Andøy kommune. Den spektakulære plasseringa mot storhavet og Golfstraumen har gjort staden til ein av hovedattraksjonane langs ein av landets nasjonale turistvegar. Folketalsutviklinga på Bleik har auka noko, og har vore stabilt dei siste åra.
Bleik har teke vare på ein særeigen landsbystruktur, som gir staden tettleik og karakter. Folk på Bleik har i samarbeid med kommunen oppretthalde staden som heilårs fiskevær samtidig som andre naturressursar vert tekne i bruk i næringsutviklinga. Nærleiken til kommunesenteret Andenes med blant anna sivil og militær flyplass gjer staden attraktiv som bustad også for andre yrkesgrupper.
Staden sin nærbutikk er ein viktig samlingsplass med ei rad tilbod, som tiltrekker fleire aldersgrupper, og i 2011 blei det på nytt skuletilbod på Bleik. Staden har mange eldsjeler, som er med på å skape liv og aktivitet, og kan vise til eigen leikeplass, eit aktivt sportsmiljø, og eit engasjert kulturliv med eiga teatergruppe og musikkforeining.
Asker
Asker er ein stad som handterer vekst på ein svært god måte, og utforminga av Asker sentrum er ein del av ein strategi for å handtere fleire innbyggarar.
Gjennom at store deler av det eksisterande sentrumet har vore utsett for radikale, men velfungerande inngrep, har Asker fått ein typisk småbyprofil. Her er det gode offentlige rom, fine handlegater, gode kulturtilbod, som bibliotek og kulturhus. Ikkje minst er grepet med å legge kjøpesenter, kulturhus og bibliotek eit stykke unna togstasjonen svært godt. Det skapar trafikk mellom dei to punkta, og det er denne trafikken som gir staden liv.
Overføringsverdien av dette grepet er stor, Asker demonstrerer korleis fortetting rundt kollektivknutepunkt kan gjennomførast slik at det gir betre stadkvalitetar. Det er også verd å notere at Asker med denne fysiske strukturen på plass også har gitt seg sjølv ei regional rolle, som gjer at det er råd å tenke på staden som ein ordentleg by ikkje så veldig langt framme i tidsrekninga.
Seljord
Seljord er ein stad med 2955 innbyggarar. Det har vore arbeidd medvite med tettstadutvikling i kommunen sidan byrjinga av 1990-talet. Hovudmålet er at Seljord skal vere ein attraktiv stad å bu, besøke og drive næring i.
Fysisk tilrettelegging og kunst, kultur og opplevingar har vorte brukt aktivt som eit strategisk verkemiddel i stadutviklinga. Dette arbeidet blei utført med ei rad konkrete delprosjekt, som alle verkar saman mot felles mål om å auke attraktiviteten. Det blir arbeidd for lokal vekst, både innanfor tradisjonell næring og handel, samt vekst for kulturnæringar.
I tillegg til fleire grendehus, har Seljord Granvin Kulturhus, regionalt kulturhus for Vest-Telemark, med teater-, konsert- og kinosal og idrettshall. Godt utbygde anlegg og område for idrett, svømmehall og gode tilbod til natur- og friluftsinteresserte gir rike høve for fysisk aktivitet. Dyrsku`n, fesjået som blei arrangert fyrste gongen i 1866 med over 70 000 besøkarar, i løpet av tre septemberdagar. Plassen vert også brukt til Nordens største countryfestival, dansebandfestival med meir. Sjøormtårnet i Seljord har også hausta merksemd nasjonalt så vel som internasjonalt. Tårnet, med tilhøyrande badstove, er ein del av et opparbeidd turvegsystem ved sentrum og har store estetiske og funksjonelle kvalitetar.
Namsos
Byen Namsos har 9537 innbyggarar. Namsos ligg inst i fjorden ved utllaupet til lakseelva Namsen. Namsos er ein by som har endra seg positivt - svært raskt - dei seinare åra. Dagens Namsos er prega av at byen tre gonger har vore lagt i ruinar: i 1872 og 1897 - og av tysk bombing den 20. april 1940. Men byen har vore livskraftig, og blei kvar gong bygd opp att sist gjennom Namdalsprosjektet.
Rica Rock City Hotel - landets mest gjennomførte konsepthotell ligg vegg i vegg med det nye nasjonale ressurssenteret for pop og rock - Rock City, som også inneheld opplevingssenteret for Trønderrock. Senteret har ført til auka stoltheitskjensle blant namsosingane.
Byens historiske posisjon i norsk rock gjer innbyggarane til gode ambassadørar. Bybussen som tidlegare heitte "Elgen" heiter no "ByBassen", og er dekorert som ein stor bassgitar. Storsenteret har eiga rockegate og bygartnaren plantar kvart år ein gedigen blomstergitar. På kaia ligg Skysstasjonen, trafikknutepunktet i byen med hurtigbåt, rutebuss, taxi og turistinformasjon i eitt og same bygg. Framveksten av ein ekte rockeby har gitt byen identitet og stoltheit.
Levanger
Byen Levanger har 9138 innbyggarar. Byen ligg sentralt med tilgang til sjøen og har vore ein møtestad og marknadsplass med røter til middelalderen eller lengre. Levanger feira sitt tusenårs jubileum i 2011.
Bygg i Levanger sentrum er særprega og unik i nasjonal samanheng, særleg trebygningane i sveitsar- og jugendstil. I Midt-Noreg finst det i dag nesten ingen intakte trehusmiljø frå perioden 1896-1904. Levanger er ein av Noreg sine mest interessante trebyar med store nasjonale kulturminneverdiar.
Levanger er ein av tre kommunar som er med i Cittaslow-nettverket i Norge. Og Levanger blei i 2011 kåra til Norges beste på integrering av flyktningar/innvandrarar. Levanger har i tillegg blant anna blitt kåra til Norges vakraste blomsterby.
Ulsteinvik
Ulsteinvik er ein optimistisk tettstad i vekst og utvikling. Kommunen har positiv auke både i folketal og i talet på næringsverksemder. Folketalet er no cirka 7800.
Det blir arbeiddd medvite med ei estetisk, funksjonell og heilskapleg utvikling av tettstaden og tilknyting mellom tettstaden, nærområda og regionen. Det er organisert eit effektivt og målretta samarbeid mellom kommune, næringsliv og lag/organisasjonar for prosjektplanlegging, finansiering og gjennomføring.
Mange tek ansvar for ei positiv stadutvikling. Spennande prosjekt med breidt og variert innhald er gjennomført, under opparbeiding og i planfasen, for eksempel Arena Ulstein, Saunesparken, ”Trivselsgata”, Sjøborg kulturhus, med meir. Satsinga inkluderer næringsliv, organisasjonliv, kultur, idrett, bygg og offentlege uterom og strukturar, og verkar å ha brei politisk og administrativ forankring. Tiltak blir aktivt presentert på blant anna kommunen si heimeside. Prosess og tiltak skapar trivsel, engasjement og ny aktivitet. Kultur- og festivallivet blømer.
Tettstaden ligg vakkert til i eit mektig landskap med nærleik til både hav og fjell. Kommunen, ved ordføraren, har sendt ein god og grunngiven søknad.
Nordfjordeid
Nordfjordeid er ein fysisk, velorganisert tettstad, som i mange år har satsa på medviten stadutvikling på overordna og detaljert plannivå. Tettstaden er konsentrert med velhalden eldre byggstruktur i Eidsgata og nyare bygg, inklusive eit handlesenter inn mot den gamle bydelen.
I motsetning til svært mange andre tettstadar i same skala har Nordfjordeid ein tettleik og intimitet. Ikkje minst har grepet med å kople handelen på tettstadutviklinga fungert godt. Tettstaden har personlegdom og tydelege strukturar der den ligg i naturskjøne omgivnader inn mot fjorden, fjellet og landbruket sitt kulturlandskap. Nærleiken til vatnet blir utnytta i eit fjordvarmeprosjekt, noko som signaliserer ein vilje til å ta i bruk lokale ressursar til tiltak som har stor verdi også på lang sikt.
Nordfjordeid har et variert og aktivt nærings- og organisasjonsliv, med stort pågangsmot. Eit imponerande og verkeleg sjeldant tiltak er bygging av operahuset og den positive aktiviteten og ringverknadene det fører med seg for trivsel, reiseliv og anna næringsutvikling. Eldsjeler, samarbeid og dugnadsånd er ei drivkraft blant anna i Opera Nordfjord og i Malakoff Rockfestival. Som tettstad i ein kommune med knappe 6000 innbyggarar er Nordfjordeid eit eksempel på kvalitetar som vanlegvis ikkje finst i kommunar av denne storleiken.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.