Flatanger kommune med i satsinga ”Bustadetablering i distrikta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 23.04.2012
Flatanger er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.
Flatanger er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.
- Det har vore krevjande å plukke ut dei beste av 82 søknadar. At heile 82 kommunar søkte om å ta del i satsinga syner at ”Bustadetablering i distrikta” både er eit attraktiv og viktig tiltak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
”Bustadetablering i distrikta” er ei treårig satsing. I 2012 er det sett av 20 millionar kronar til satsinga. Husbanken har ansvar for koordinering.
- Målet er å auke bustadtilbodet i distrikta. Nokre stader er bustadmarknadene små og usikre. Andre plassar manglar det bustader. Kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader til tilflyttarar. Tilskot til bustadetablering vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.
Etter fleire år med nedgang i folketalet og lågare aktivitet i det lokale næringslivet, har Flatanger kommune i 2011 opplevd ei markant positiv tilflytting. Det gjeld særleg utanlandske innflyttarar som kjem for å jobbe i havbruksnæringa. Næringslivet i kommunen treng å rekruttere arbeidskraft. Få utleigebustader og bustader generelt hindrar god samfunns- og næringsutvikling.
Kommunen vil vere med i satsinga for å utvikle ein bustadmarknad der kommunen er ein aktiv aktør i samarbeid med private.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00