Akershus fylkeskommune satsar på entreprenørskap og innovasjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Akershus fylkeskommune fordelte 69 prosent av dei regionale utviklingsmidlane til næringsutvikling i 2011. Dei viktigaste satsingsområda var entreprenørskap og innovasjon.
Akershus fylkeskommune fordelte 69 prosent av dei regionale utviklingsmidlane til næringsutvikling i 2011. Dei viktigaste satsingsområda var entreprenørskap og innovasjon.
Dette går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. Akershus fylkeskommune fordelte om lag 17 millionar kroner til regional utvikling. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner på dette i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Næringsutvikling er viktig både på mindre og større stader. Me ser at det er godt samsvar mellom distrikts- og regionalpolitiske utfordringar i Akershus og fylkeskommunen si prioritering av midlane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Akershus fylkeskommune rapporterer at bruken av midlane i 2011 har vore forankra i Handlingsprogram for næring og nyskaping i Akershus og Regionalt innovasjonsprogram for Oslo og Akershus.
Utfordringane i fylket er, ifølge fylkeskommunen, behov for auka innovasjon i næringslivet, behov for sterkare næringsklynger for å få større internasjonal konkurranseevne, behov for å auke rekrutteringa til realfag og å bli betre til å kommersialisere forskingsresultat.
Som del av satsinga på innovasjon og klyngeutvikling gav fylkeskommunen midlar til Next Move Hydrogen, som er eit utviklingssamarbeid om fornybar energi og hydrogen som energikjelde innanfor Interreg, EU si satsing for å fremje sosial og økonomisk integrasjon over landegrenser gjennom regionalt samarbeid.
Innafor satsinga på entreprenørskap gav Akershus fylkeskommune midlar til 16 etablerarstipend og til etablerarrettleiing via Innovasjon Noreg. I tillegg gav fylkeskommunen midlar til Kvinnovasjon, ei satsing for å auke talet på kvinnelege gründarar, og til Ungt entreprenørskap, som mellom anna skal utvikle skaparglede blant unge. Fylkeskommunen gav òg midlar til kurs for etablerarar med utanlandsk bakgrunn.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Akershus fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.