Aust-Agder fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Aust-Agder fordelte 38 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet til næringsutvikling i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter, styrking av næringsmiljø og entreprenørskap.
Aust-Agder fordelte 38 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet til næringsutvikling i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter, styrking av næringsmiljø og entreprenørskap.
Dette viser rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Aust-Agder fylkeskommune sitt mål er at arbeidet med næringsutvikling skal skape ein meir robust region kor det er godt å leve, bu og arbeide. Bruken av midlane tyder på at dei har teke dette på alvor, seier kommunal- og regionalministert Liv Signe Navarsete.
Fordelinga av midlane i Aust-Agder fylkeskommune tok utgangspunkt i Regionplan Agder 2020, som er felles for begge Agder-fylka, og i dei årlege regionale utviklingsprogramma for Agder generelt og Aust-Agder spesielt.
I satsinga på næringsutvikling har fylkeskommunen mellom anna løyvd midlar til Gründersenteret. Dette er eit fylkesdekkjande kompetansesenter for næringsetablering, som samarbeider tett med kommunane. Dei gjennomførte mellom anna rådgjevarsamtalar og ei rekke kurs i til dømes rekneskap og juss.
Ungt Entreprenørskap Agder er ei felles satsing på entreprenørskap i skulen mellom Aust- og Vest-Agder, kor fylkeskommunen bidrog med midlar for å stimulere til fleire ungdoms- og studentbedrifter.
Aust-Agder fylkeskommune har løyvd midlar til to inkubatorar, som er dynamiske utviklingsmiljø for bedrifter. I tillegg løyvde fylkeskommunen midlar til forsking og utvikling. Regionale næringsfond og Innovasjon Noreg fekk midlar til etablerarstipend og bedriftsretta støtte.
Reiseliv var ei viktig satsing for regional utvikling i Aust-Agder, særleg innanfor mat- og opplevingsnæringar. Infrastruktur og førebuing av vidare utbygging av mobildekninga i distrikta, samt stadutvikling og profilering, var andre område som fikk støtte.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Aust-Agder fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.