Buskerud fylkeskommune satsar på næringsutvikling, samt stadutvikling og profilering
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Buskerud fylkeskommune fordelte om lag 33 millionar kroner til regional utvikling av midlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størstedelen gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø samt entreprenørskap.
Buskerud fylkeskommune fordelte om lag 33 millionar kroner til regional utvikling av midlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størstedelen gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø samt entreprenørskap.
25 prosent vart også fordelt til stadutvikling og profilering i 2011. Satsing på reiseliv er ein viktig del av fylkeskommunen sin utviklingsstrategi. Dette går fram av rapporten til Kommunal- og regionaldepartementet om fordelinga av midlane til regional utvikling i 2011. I Buskerud fylke blei det fordelt om lag 33 millionar kroner til regional utvikling. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Verksemder som er lokaliserte i lag kan lettare ta ut gevinstar ved å nytte aktivitetane til andre verksemder i same miljø. Me ser at Buskerud fylkeskommune tek fatt i utfordringane sine gjennom å satse på innovasjonsmiljø, og dei har etablert eit samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonar på dette feltet. Ikkje minst merkar vi oss satsinga på reiseliv, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Utfordringar som fylkeskommunen rapporterer om, er blant anna at sysselsettinga og utdanningsnivået er lågare enn landsgjennomsnittet og at bedriftene må bli meir innovative. I tillegg er det er stagnasjon i folketalet i fleire kommunar.
Fylkeskommunen har prioritert ut frå måla i Regional planstrategi for Buskerud 2009-2012. Det er i stor grad Innovasjon Noreg og to av dei fem regionråda i fylket, Hallingdal og Kongsberg/Numedal, som handterer midlane til regional utvikling.
Reiseliv var det største satsingsområdet for fylkeskommunen i 2011, og fylkeskommunen har ein eigen regional delplan for reiseliv. ”Fjell og fjord” og ”Ørretens rike” er døme på utviklings- og marknadsføringsprosjekt innan reiselivsnæringa. Profilering av fylket som reiselivsdestinasjon var ein viktig del av satsinga på å utvikle attraktive stader og utvikle næringslivet. Innafor satsinga på verdiskaping var opplevingsnæringane viktige.
Innafor målet om næringsutvikling løyvde fylkeskommunen 9 millionar kroner via Innovasjon Norge. Samtidig løyvde Buskerud fylkeskommune midlar til innovasjonsselskap og næringshagar og til forsking og utvikling. Her gjekk midlane mellom anna til samarbeid med Høgskulen i Buskerud og SIVA om innovasjonstiltak.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Buskerud fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.