Finnmark fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Finnmark fylkeskommune fordelte om lag 174 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Dei største satsingsområda var entreprenørskap samt nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter.
Finnmark fylkeskommune fordelte om lag 174 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Dei største satsingsområda var entreprenørskap samt nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter.
Dette går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om fordelinga av midlane til regional utvikling i 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønska samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Distriktspolitikken skal sikre ei balansert utvikling mellom by og land og bidra til at ressursane i heile landet vert tekne i bruk. Me ser at Finnmark fylkeskommune prøver å utjamne forskjellar i fylket og møte utfordringane i næringslivet. Det blir spanande å følgje utviklinga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Finnmark fylkeskommune har rapportert om utfordringar med mangel på passande næringsareal og kvalifisert arbeidskraft. Låg evne til utvikling i organisasjonar og næringsliv er også ei utfordring, men fylkeskommunen framhever at det er store forskjellar mellom kommunar i fylket. Nokre av dei konkrete satsingane for å møte desse utfordringane var Mineralforum Finnmark, som er ei treårig satsing som skal medverke til kunnskapsheving og informasjonsutveksling i bergverksindustrien. I tillegg har fylkeskommunen gitt midlar til satsing på mat gjennom det treårige nettverksprosjektet Mat fra Finnmark, som er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Innovasjon Noreg. Fylkeskommunen har satsa på entreprenørskap via Innovasjon Noreg og gjennom programmet Ungt entreprenørskap, som er ei satsing på entreprenørskap i skulen.
Andre satsingsområde var opplevingar og turisme, og fylkeskommunen rapporterer om auke i turisttrafikken for Nord-Noreg i 2011. Fylkeskommunen gav også midlar til kommunale infrastrukturprosjekt, som opprusting i Vadsø, vegbygging i Gamvik og til å byggje ut breiband til Sørøya i Hasvik kommune. Fylkeskommunen har satsa sterkt på kystsoneplanlegging i kommunane, og på kartlegging av strømforholda rundt kysten av Troms.
Innovasjon og kompetanseheving var viktig, og fylkeskommunen løyvde midlar til Virkemiddel for regional forsking utvikling og innovasjon (VRI), som gav tilskot til seks prosjekt for å auke bedriftene si satsing på forsking og utvikling.
Fylkeskommunen har gjort prioriteringane ut frå ”Regionalt utviklingsprogram Finnmark 2010-2013”, samt handlingsplanen for 2011.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Finnmark fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.