Hedmark fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Hedmark fylkeskommune fordelte 88 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Den klart største delen gjekk til næringsutvikling, særleg i form av nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter. Entreprenørskap var òg viktig.
Hedmark fylkeskommune fordelte 88 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Den klart største delen gjekk til næringsutvikling, særleg i form av nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter. Entreprenørskap var òg viktig.
Det viser rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av dei regionale utviklingsmidlane for 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Distrikts- og regionalpolitikken skal gje tilskot til å styrke den lokale og regionale vekstkrafta rundt om i landet. Eg ser at Hedmark satsar særleg på å utvikle det eksisterande næringslivet. Det ser ut som fylkeskommunen har utvikla eit godt samarbeid med kommunane for å ta fatt i utfordringane i dei små bedriftene i fylket, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Det regionale utviklingsarbeidet tek utgangspunkt i fylkesplanen for Hedmark og samarbeidsprogrammet (RUP). Blant utfordringane som fylkeskommunen trekker fram er store regionale forskjellar i folketals- og sysselsettingsutviklinga, spreidd busetnad og spreidde næringsmiljø. I tillegg er næringsstrukturen prega av låg verdiskaping og små bedrifter.
Den største satsinga innanfor næringsutvikling var å vidareutvikle etablerte bedrifter, kor fylkeskommunen fordelte 46 prosent av midlane. Hedmark fylkeskommune løyvde midlar til ein kunnskapspark og tre næringshagar i Magnor, Odal og Åsnes og ein industriinkubator i Kongsvinger, for å skape dynamiske utviklingsmiljø for små kunnskapsbaserte føretak. Ein stor del av midlane som Innovasjon Noreg forvalta gjekk til kompetanseheving i verksemder i fylket.
Entreprenørskap var viktig og fleire tiltak er sett i verk for å auke etablerarfrekvensen i Hedmark. Fylkeskommunen har løyvd midlar til FUNK-prosjektet og eit utdanningstilbod for førstelinetenesta i alle dei 22 kommunane i samarbeid med Handelshøgskulen i Bodø. Siktemålet er at kommunane skal verta endå meir bevisste, kompetente og effektive aktørar i næringsutviklingsarbeidet. Fylkeskommunen satsa også på stadutvikling og profilering, og den har ni kommunar med i satsinga Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK).
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Hedmark fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.