Hordaland fylkeskommune satsar på infrastruktur og næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Hordaland fylkeskommune fordelte 142 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Om lag 44 prosent av midlane gjekk til infrastruktur. Om lag 42 prosent gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø samt entreprenørskap.
Hordaland fylkeskommune fordelte 142 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Om lag 44 prosent av midlane gjekk til infrastruktur. Om lag 42 prosent gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø samt entreprenørskap.
Ingen andre fylkeskommunar fordelte ein så stor del av midlane sine til infrastruktur dette året. Det viser rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling for 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Betre vegar og ferjefrie samband gir utvida arbeidsmarknader med meir mangfald og fleire attraktive arbeidsplassar. Kvalifisert arbeidskraft kan arbeide i større del av fylket. Det er spanande at Hordaland fylkeskommune prioriterer å bruke ein så stor del av midlane sine på infrastruktur i forhold til dei andre fylkeskommunane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Det var Regionalt utviklingsprogram Hordaland som danna grunnlaget for hovudprioriteringa av dei regionale utviklingsmidlane i 2011.
Som del av satsinga på infrastruktur trekker fylkeskommunen fram støtte til vegprosjekt som Bømlopakka og Jondalstunnelen, samt utgreiing av ferjefri kyststamveg mellom Sunnhordaland og Bergen og nye vegløysingar i Etne. Hordaland fylkeskommune har auka satsinga på infrastruktur kvart år sidan 2008, og fylkeskommunen auka satsinga med over 20 prosent frå 2010.
Den nest største satsinga i Hordaland var næringsutvikling. Fem næringar er peikt ut som næringar med særlege føremon: energi, marine næringar, maritime næringar, reiseliv og kulturnæringane. Innanfor energisatsinga har Norwegian Centres of Expertise-klynga NCE Subsea fått støtte. Fylkeskommunen har vidare fordelt midlane til inkubatorar, som er dynamiske utviklingsmiljø for bedrifter. Forskings- og utviklingsinkubatoren ved Høgskulen i Bergen, industriinkubatoren i Sunnhordaland og den nye industriinkubatoren i Nordhordaland fekk midlar. Gjennom overføringar via Innovasjon Noreg har fylkeskommunen gitt midlar til etablerarstipend.
Fylkeskommunen har også løyvd midlar til andre føremål, som utvikling av attraktive bustadar og kultur, i form av nytt kultursenter i Kvinnherad og festivalar.
Fylkeskommunen rapporterer om utfordringar som at nokre bedrifter manglar kvalifisert arbeidskraft. Flytting frå regionane til Bergen og for lite berekraft i næringslivet er ei utfordring for småstadar, samstundes som eit attraktivt Bergen er ein konkurranseføremon for heile fylket.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Hordaland fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.