Fylkeskommunane satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 24.09.2012
51 prosent av midlane til regional utvikling som fylkeskommunane fordelte i 2011, gjekk til næringsutvikling.
51 prosent av midlane til regional utvikling som fylkeskommunane fordelte i 2011, gjekk til næringsutvikling.
Det viser den samla oversikta basert på rapportar frå alle fylkeskommunane til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av dei regionale utviklingsmidlane i 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner til regional utvikling dette året.
Alle fylkeskommunane får ei grunnløyving kvart år til regional utvikling. Størsteparten av midlane til regional utvikling blir fordelte etter folketal innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, der departementet tilfører ekstra midlar for å ivareta distriktspolitiske omsyn. Fylke som har få eller ingen kommunar innanfor det distriktspolitiske virkeområdet, og dermed berre mottek grunnløyvinga, er garantert ein minstesum på ni millionar kroner. Dette gjeld fylka Østfold, Oslo, Akershus og Vestfold. Til slutt gir Kommunal- og regionaldepartementet midlar etter skjønnskriterium. Desse går til omstilling, Interreg og kommunale næringsfond.
- Kjernen i det regionale utviklingsarbeidet er å fremje ei heilskapleg samfunnsutvikling. Fylkeskommunane er med på å utvikle attraktive stader og auke verdiskapinga til næringslivet i heile landet. Dei handlar ut frå eigne utfordingar og mål, er gode pådrivarar og samarbeidspartnarar for regional uvikling og får ting til å skje i lokalsamfunna våre, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for skape ønska samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
Utfordringane for å skape ønska utvikling i eiget fylke, som går att i flest fylkeskommunar, er behovet for å auke utdanningsnivået og trekkje til seg nok kompetent arbeidskraft. Fleire fylkeskommunar strever også med å auke innovasjonstakten i og konkurranseevna til bedriftene. I tillegg til dette rapporterte nokre at dei hadde stagnasjon eller nedgang i folketalet og store forskjellar i folketal og næringsverksemd mellom kommunar i fylket.
Den største delen av midlane, 51 prosent, gjekk til næringsutvikling, særleg til å vidareutvikle etablerte bedrifter. Nest høgast prioritet hadde infrastruktur og stadutvikling og profilering. Fylkeskommunane fordelte i overkant av 19 prosent av midlane på kvar av desse felta.
Fylkeskommunane fordeler midlane til regional utvikling i eigen regi, gjennom Innovasjon Norge, kommunar og regionråd.
Les om satsinga i kvart fylke:
- Akershus
- Aust-Agder
- Buskerud
- Finnmark
- Hedmark
- Hordaland
- Møre og Romsdal
- Nordland
- Nord-Trøndelag
- Oppland
- Oslo
- Rogaland
- Sogn og Fjordane
- Sør-Trøndelag
- Telemark
- Troms
- Vestfold
- Vest-Agder
- Østfold
Sjå elles:
- Illustrasjonar (Flickr)
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.