Møre og Romsdal fylkeskommune satsar på stadutvikling, infrastruktur og å vidareutvikle etablerte bedrifter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Møre og Romsdal fylkeskommune fordelte 238 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal og regionaldepartementet i 2011. Dei største satsingane var innovasjon, entreprenørskap og infrastruktur. I tillegg satsa fylkeskommunen på til dømes sjømat, attraktive tettstadar og natur- og opplevingsbaserte verksemder.
Møre og Romsdal fylkeskommune fordelte 238 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal og regionaldepartementet i 2011. Dei største satsingane var innovasjon, entreprenørskap og infrastruktur. I tillegg satsa fylkeskommunen på til dømes sjømat, attraktive tettstadar og natur- og opplevingsbaserte verksemder.
Dette går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. I Møre og Romsdal fylke blei det fordelt 238 millionar kroner til regional utvikling. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Møre og Romsdal har ei brei satsing for utvikle gode stadar å bu og eit godt næringsliv for å tiltrekke seg og halde på folk i distrikta. Me ser at breiband er eit prioritert område i det regionale utviklingsarbeidet i fylket. God tilgang på breiband i alle delar av landet er viktig for at folk skal kunne busetje seg der dei sjølve ønskjer, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fordelinga av midlane tok utgangspunkt i Handlingsprogram for verdiskaping for 2011. Fylkeskommunen rapporterer om at den viktigaste utfordringa er å rekruttere og halde på kompetent arbeidskraft. Sjølv om det samla er vekst i folketalet i fylket, gjeld dette ikkje alle kommunar. Spesielt utsette kommunar er dei som er avhengige av konjunkturutsette næringar.
Fylkeskommunen satsa mellom anna på næringsutvikling og gav midlar til industriklynger, inkubatorar, kunnskapsparkar og næringshagar som er dynamiske utviklingsmiljø for bedrifter. Elles nytta fylkeskommunen midlar til hoppid.no, som er fylkeskommunen sitt program for å fremme entreprenørskap. Møre og Romsdal fylkeskommune gav òg midlar til forskings- og utviklingsprosjekt innan sjømat.
Møre og Romsdal fylkeskommune fordelte om lag ¼ av midlane til stadutvikling og profilering. Bulyst-prosjekt i Averøy, Sykkylven og Volda har fått midlar av fylkeskommunen. Fylkeskommunen fordelte om lag ¼ av midlane til infrastruktur. Her er det mellom anna løyvd midlar til opprusting av vassforsyning og gitt 15 kommunar tilskot til å bygge ut breiband.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Møre og Romdsdal fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.