Nord-Trøndelag fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Nord-Trøndelag fylkeskommune fordelte om lag 152 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø, samt entreprenørskap.
Nord-Trøndelag fylkeskommune fordelte om lag 152 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø, samt entreprenørskap.
Det viser rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av dei regionale utviklingsmidlane for 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Nord-Trøndelag fylkeskommune sitt arbeid med næringsutvikling og rekrutteringsprosjekt gjenspeglar mangel på kompetent arbeidskraft og viser at fylkeskommunen tek utfordringa på alvor. Ungdomssatsinga i Nord-Trøndelag er interessant når vi veit at unge flyttar meir og det er dei fyrste jobbane etter ferdig utdanning som er viktige for kor dei høgt utdanna blir buande. Det blir spanande å følgje utviklinga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Bruken av dei regionale utviklingsmidlane tok utgangspunkt i Regionalt utviklingsprogram for 2011 og Fylkesplan 2009-2012, som gjeld for begge Trøndelagsfylka.
Fylkeskommunen rapporterer om at Nord-Trøndelag har utfordringar med å rekruttere kompetent arbeidskraft. Difor har fylkeskommunen satsa på samarbeidsprosjekt mellom skule og næringsliv, som Ung Gnist, Stå på, Trainee Nord-Trøndelag og NærUng.
Naturbaserte næringar er viktig for busetnad, sysselsetnad og utvikling i fylket. I satsinga på næringsutvikling fordelte fylkeskommunen difor midlar på utviklingsprosjekt innanfor landbruket. Nokre døme på dette er satsinga på mat gjennom Oi! Trøndersk mat og drikke AS og satsinga på skognæringa gjennom midlar til etablering av Midtnorsk Skog- og tresenter.
Den største enkeltløyvinga frå fylkeskommunen var på sju millionar kroner til utbygging av industriområde for kalkutvinning på Kongsmoen på Høylandet i Indre Namdal.
Fylkeskommunen satsa òg midlar til infrastruktur, samt stadutvikling og profilering. Nord-Trøndelag fylkeskommune har gitt tilskot til ti ulike breibandsprosjekt i fylket. Innanfor stadutvikling og profilering gav fylkeskommunen mellom anna midlar til utvikling av Levanger sentrum, stadanalyse i Verdal sentrum, og til Bulyst-prosjekt i Grong kommune, som har innvandrarar som ei av målgruppene og skal jobbe med inkludering og trivsel.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Nord-Trøndelag fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.