Nordland fylkeskommune satsar på nærings- og kompetanseutvikling, stadutvikling og infrastruktur
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Nordland fylkeskommune fordelte om lag 680 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Det største satsingsområdet var næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter og styrking av næringsmiljø. Stadutvikling, profilering, og infrastruktur var også viktige satsingar.
Nordland fylkeskommune fordelte om lag 680 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Det største satsingsområdet var næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter og styrking av næringsmiljø. Stadutvikling, profilering, og infrastruktur var også viktige satsingar.
Dette viser rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Nordland fylkeskommune understrekar at det er samanheng mellom nyskaping og kompetanse, og det er sett i gang konkrete tiltak for å betre tilgangen på kompetent arbeidskraft til bedriftene. Rapporten frå fylkeskommunen viser godt samsvar mellom utfordringar og verkemiddelbruk, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Bruken av dei regionale utviklingsmidlane tok utgangspunkt i fylkesplanen for Nordland. Fylkeskommunen har satsa 30 prosent av midlane på stadutvikling og profilering, mellom anna til å starte bygging av eit nytt kulturhus i Bodø, som skal vere ferdig i 2014. I tillegg har fylkeskommunen gitt midlar til eit prosjekt som skal utforske potensialet for å auke tilflytting til småsamfunn.
Fylkeskommunen fordelte også 30 prosent av midlane på infrastruktur, mellom anna i form av vassforsyningstiltak i kommunane Vågan, Saltdal og Tysfjord. Midlane gjekk òg til bygging av kai til oljebasen på Horvneset i Sandnessjøen og til industrikai i Tysfjord kommune. I tillegg gav fylkeskommunen midlar til å bygge ut næringsareal og breiband ei rekke stadar.
Utfordringane i fylket, slik det går fram av fylkeskommunen sin rapport, er mellom anna jobbtap i solcelleindustrien og tap av arbeidsplassar hos underleverandørar. Svært mange kompetansearbeidsplassar forsvann siste år. Ei anna utfordring er å legge til rette for at ungdom blir rekruttert til utdanningar som er tilpassa behova i næringslivet.
Fylkeskommunen gav difor midlar til eit fireårig realfagsprogram, som omfattar forkurs for ingeniørutdanning, tiltak i vidaregåande skule, samarbeid mellom skule og arbeidsliv og mellom vidaregåande skule og høgskule/universitet.
Fylkeskommunen har også satsa på å næringsutvikling, mellom anna ved å etablere inkubatorar, som er utviklingsmiljø for bedrifter. Andre døme på slike satsingar er eit innovasjonsselskap i Salten og midlar til å vidareutvikle Innovasjonsforum Nordland. Fylkeskommunen har òg bidrege med midlar til å etablere eit testsenter med kompetanse og infrastruktur for industrialisering og kommersialisering av miljøteknologi. I tillegg kjem DA Bodø sitt utviklingsprogram som ”Byen og havna”, som mellom anna skal leggje til rette for nye næringsareal og forbetre infrastruktur for næringsverksemd i Bodø.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Nordland fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.