Oppland fylkeskommune satsar på næringsutvikling og å utvikle attraktive regionar og sentra
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Oppland fylkeskommune fordelte 71 millionar kroner til regional utvikling av midlane til dette frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Om lag halvparten gjekk til næringsutvikling i form av vidareutvikling og nyskaping i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø samt entreprenørskap. Fylkeskommunen fordelte også om lag 45 prosent av midlane til å utvikle attraktive regionar og sentra.
Oppland fylkeskommune fordelte 71 millionar kroner til regional utvikling av midlane til dette frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Om lag halvparten gjekk til næringsutvikling i form av vidareutvikling og nyskaping i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø samt entreprenørskap. Fylkeskommunen fordelte også om lag 45 prosent av midlane til å utvikle attraktive regionar og sentra.
Det går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane i 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Reiseliv er viktig for å nytte lokale ressursar og medverkar i stor grad til sysselsetting i distrikts-Noreg. Me ser at Oppland fylkeskommune har ei heilskapleg satsing på å gjere regionen attraktiv gjennom å profilere regionen som eit reisemål og samstundes legge til rette for auka verdiskaping, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Oppland fylkeskommune rapporterer om utfordringar med at næringsstrukturen er prega av mange små og mellomstore bedrifter, som har svakare næringsutvikling enn resten av landet.
Ingen andre fylkeskommunar fordelte ein så stor del av midlane sine på å utvikle attraktive regionar og sentra for befolkning og næringsliv i 2011. Reiseliv var eit viktig satsingsområde kor fylkeskommunen har løyvd midlar til å profilere og utvikle Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdalen og prosjektet FjellNorge. I satsinga på stadutvikling og profilering gav fylkeskommunen midlar til Bulyst-prosjekt i Valdres, Skjåk og Nordre Land kommune. Oppland var den fylkeskommunen som fordelte størst prosent av eigne midlar på å sikre grunnleggjande tenester i område med få innbyggjarar og små marknadar. I tillegg løyvde fylkeskommunen midlar til 11 kommunale næringsfond og midlar via Innovasjon Noreg. Fordelinga av dei regionale utviklingsmidlane i Oppland var mellom anna forankra i Regionalt handlingsprogram 2011 (pdf).
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Oppland fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.