Oslo kommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Oslo kommune fordelte om lag 16 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter, styrking av næringsmiljø og entreprenørskap.
Oslo kommune fordelte om lag 16 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter, styrking av næringsmiljø og entreprenørskap.
Dette går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner til regional utvikling dette året.
- Satsinga på kunnskap, innovasjon og nyetableringar i Oslo byggjer opp under dei måla kommunen har sett seg om å vere ei drivkraft i Osloregionen og bidreg til å styrke dei næringsmiljøa som har gode høve for å konkurrere internasjonalt, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Midlane i Oslo, bortsett frå midlar til det grenseoverskridande programmet Interreg, gjekk inn i Regionalt innovasjonsprogram for Oslo og Akershus. For 2011 utgjorde løyvingane til innovasjonsprogrammet 9 millionar kroner. Satsingsområda her var entreprenørskap, innovasjon, næringsklynger og profilering. I satsinga på entreprenørskap løyvde Oslo kommune midlar til New Venture Accelerator ved Senter for entreprenørskap, Universitetet i Oslo, eit bioteknologiprosjekt frå 2010-2011 for å etablere nye verksemder og byggje sterke nærings- og kompetanseklynger innan kreftfaget.
Utvikling av bedriftsnettverk og næringsklynger var ei viktig satsing, og kommunen trekker i sin rapport fram kunnskapsnettverket for nevrovitskap, Nansen Neuroscience Network, som var i ordinær drift frå 2011.
Via Innovasjon Noreg har Oslo kommune løyvd midlar til etablerarstipend, og gjennom Næringsetaten har kommunen gitt midlar til etableringsrettleiing og etablerarkurs på fire språk til personar med utanlandsk bakgrunn. Kommunen har fordelt midlar på å auke kunnskapen om og gjennomføringa av fleire innovative offentlege anskaffingar ved å leggje til rette for samarbeid mellom innkjøparar, leverandørar, forskings- og utviklingsmiljø og utviklingsaktørar. Oslo kommune har satt i gang fem pilotprosjekt, og saman med Nasjonalt program for leverandørutvikling har dei laga ein minirettleiar om innovative innkjøp for leiarar i kommunal- og statleg sektor.
For å profilere næringslivet i regionen internasjonalt, gav Oslo kommune midlar til Oslo Innovation Week. Eigarane av prosjektet var Oslo kommune, Akershus fylkeskommune, Innovasjon Noreg i Oslo, Akershus og Østfold, samt NHO Oslo.
Fylkeskommunane og Oslo kommune har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for skape ønska samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Oslo kommune samarbeider med næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping og gode rammevilkår.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Oslo kommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.