Østfold fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Østfold fylkeskommune fordelte om lag 30 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011.
Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter, samt styrking av næringsmiljø og entreprenørskap.
Fylkeskommunen satsa også større del av midlane sine på å utvikle kompetanse enn andre fylkeskommunar.
Dette går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. I Østfold fylke blei det fordelt om lag 30 millionar kroner til regional utvikling. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Me treng vekst i talet på kompetansearbeidsplassar for å sikre høgast mulig verdiskaping. Fylkeskommunen har teke fatt i konkrete utfordringar og satt i verk ei satsing på teknologi og realfag. Det blir spanande å følgje utviklinga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Østfold fylkeskommune tok utgangspunkt i fylkesplanen for 2009-2012 (pdf) ved fordelinga av dei regionale utviklingsmidlane. I satsinga på næringsutvikling har fylkeskommunen mellom anna gitt midlar til to inkubatorar og ein næringshage, som er dynamiske utviklingsmiljø for bedrifter. Desse var Inkubator Halden, Borg Innovasjon og Navet næringshage. Det er også gitt midlar til Innovasjon Norge for at dei skal støtte etablering av nye bedrifter.
Stadutvikling og profilering var òg eit prioritert område. Fylkeskommunen løyvde midlar til kommunale næringsfond i distriktskommunane Aremark, Marker og Rømskog. Blant prosjekta som fekk støtte er reiselivsprosjekt, som ”Barnas grenseland”.
Østfold fylkeskommune er forvaltar av to Interreg-program, som er EU si satsing for å fremje sosial og økonomisk integrasjon over landegrenser gjennom regionalt samarbeid.
I rapporten frå Østfold fylkeskommune går det fram at Østfold fylke ligg under landsgjennomsnittet når det gjeld utdanningsnivå. Fylkeskommunen har difor satsa særskilt på kompetanse i 2011 og gjekk inn i ein partnarskap med Høgskulen i Østfold for å styrke høgskulen si regionale utviklingsrolle. Midlane gjekk til å fremme teknologi- og realfagsinteressa hos skuleelevar og studentar gjennom Inspiria Science Center, som opna i 2011.
Styrking av forsking og utvikling i utvalde bransjar er også viktig for Østfold fylkeskommune, som løyvde midlar også til dette også i 2011.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Østfold fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.