Rogaland fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Rogaland fylkeskommune fordelte 38 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av entreprenørskap, nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter samt styrking av næringsmiljø.
Rogaland fylkeskommune fordelte 38 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av entreprenørskap, nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter samt styrking av næringsmiljø.
Dette viser rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. I Rogaland fylke blei det gitt om lag 38 millionar kroner til regional utvikling.
Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Noreg har fleire innovasjonsmiljø som er verdsleiande på sine område. Bruken av midlane til å støtte innovasjon i verksemder og utvikling av nye næringar gjenspeglar målet til fylkeskommunen om at Rogaland skal vere ein skapande region. Det blir spanande å følgje med på utviklinga i fylket, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fylkestinget vedtok i 2011 ein regionalplan for næringsutvikling 2011-2020 (pdf) og ein regionalplan for landbruk. Desse dannar mykje av grunnlaget for fylkeskommunen sine satsingar, som er innovasjon og innovasjonsstruktur, rekruttering og kompetanse, internasjonalisering, naturressursar og infrastruktur.
Eit av dei største satsingsområda innan næringsutvikling var i 2011 entreprenørskap. Fordelinga av midlar til dette skjedde mellom anna i samarbeid med skape.no, som er ein partnarskap mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen og kommunar.
Gjennom Innovasjon Noreg har fylkeskommunen gitt tilskot til fleire prosjekt innanfor ARENA og Norwegian Centers of Expertise (NCE), som er program for samarbeid mellom bedrifter og kunnskapsmiljø for å auke innovasjonsevna til bedriftene i desse miljøa. Fylkeskommunen har også ei inkubatorsatsing, og støtter fleire dynamiske utviklingsmiljø for bedrifter. Fylkeskommunen trekker fram nysatsingar, som mat/matindustri-inkubator og kulturinkubator. Eitt av resultata er etableringa av Måltidets hus.
Fylkeskommunen gav også midlar til Verkemiddel for regional innovasjon, forsking og utvikling (VRI), som er Forskingsrådet si hovudsatsing på forsking og innovasjon i norske regionar. VRI Rogaland gav 47 tilsegn til prosjekt i 2011. Blant satsinga til VRI som fylkeskommunen trekker fram, er støtta til Aqua Energy Solutions for å gjennomføre eit studentprosjekt om utnytting av tidvatnkraft til energiproduksjon. Eit anna døme er Makroalgeprosjektet, som forskar på oppdrett av tare.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Rogaland fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.