Sogn og Fjordane fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Sogn og Fjordane fylkeskommune fordelte til saman om lag 159 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø, samt entreprenørskap.
Sogn og Fjordane fylkeskommune fordelte til saman om lag 159 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø, samt entreprenørskap.
Det viser rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om fordelinga av midlane til regional utvikling i 2011. I Sogn og Fjordane fylke blei det fordelt om lag 159 millionar kroner til regional utvikling. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Dei viktigaste ressursane i landet vårt er dei som ligg i arbeidskrafta til folk, og i folk sine kreative løysingar på utfordringar. Me ser at sjølv om Sogn og Fjordane fylkeskommune satsa mest på næringsutvikling, hadde fylkeskommunen midlane ei brei satsing, som tek utgangspunkt i både dei utfordringane og dei føremonene som fylket har, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Det var fylkesplanen for 2005-2008 (word), som gjeld ut 2012, og budsjettdokumentet for 2011 som låg til grunn for fordelinga av midlane i Sogn og Fjordane. Delar av dei regionale utviklingsmidlane var det fondsstyret Den Interkommunale Næringsretta Utviklingsordninga som kompenserer for auka arbeidsgjevaravgift i kommunane Førde, Sogndal og Florø som handsama, og her har næringslivet spelt ei sentral rolle. Fylkeskommunen har òg mange partnarskap med forskings- og utdanningsinstitusjonar, næringsliv, organisasjonar og kommunar.
Sogn og Fjordane fylkeskommune trekker fram at verdiskaping er eit viktig satsingsområde. Fylkeskommunen gav den største enkeltløyvinga via Innovasjon Noreg, som fylkeskommunen har eit tett samarbeid med. Desse midlane gjekk mellom anna til kompetanseintensive tenesteytande næringar, næringsklynger og forsking og utvikling. Sogn og Fjordane deltek med tre område i verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar, som ser på korleis vi kan utvikle verneområde og andre verdifulle område til å bli viktige ressursar i samfunnsutviklinga.
Reiseliv var ei viktig satsing, og midlane har bidrege til å utvide turistsesongen ved at båtruter og attraksjonar har kunne forlenga tilboda.
Fylkeskommunen fordelte 20 prosent av midlane på stadutvikling, særleg utvikling av tettstadar. Dette var viktig for fylkeskommunen for å møte målet om at fleire unge skal busette seg i fylket.
Gjennom satsinga på industri har fylkeskommunen gitt midlar til eit nytt kaianlegg i Florø. Dette er infrastruktur som vil tene heile regionen. Fylkeskommunen har òg halde fram satsinga på breiband og mobildekning.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Sogn og Fjordane fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.