Historisk arkiv

Sør-Trøndelag fylkeskommune satsar på næringsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Sør-Trøndelag fylkeskommune fordelte 134 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter, samt styrking av næringsmiljø og entreprenørskap.

Sør-Trøndelag fylkeskommune fordelte 134 millionar kroner av midlane til regional utvikling frå Kommunal- og regionaldepartementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter, samt styrking av næringsmiljø og entreprenørskap.

Det går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner på dette i 2011.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.

- Norske kommunar skal vere drivkrefter i utvikling av sine lokalsamfunn. Det gjeld ikkje berre tenester, men også verdiskaping og arbeidsplassar. Sør-Trøndelag satsar på kommunane, gjennom kommunale næringsfond og program som Blilyst og Kysten er Klar. Samstundes prioriterer fylkeskommunen å vidareutvikle dei sterke næringsmiljøa dei har i fylket. Me ser ei brei satsing for at det eksisterande næringslivet skal vekse, saman med ei målretta satsing på å halde på kompetent arbeidskraft, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. 

Sør-Trøndelag fylkeskommune sin prioritering av midlane tok utgangspunkt i fylkesplan 2009-2012 Kreative Trøndelag – her alt e mulig - uansett, som gjeld for begge Trøndelagsfylka. Midlane skal gje tilskot til verdiskaping og varige arbeidsplassar i alle delar av fylket. 

Den næringsretta satsinga utgjorde over halvparten av dei regionale utviklingsmidlane til Sør-Trøndelag fylkeskommune i 2011. Dei største overføringane gjekk via Innovasjon Noreg i Sør-Trøndelag. Fylkeskommunen løyvde i tillegg midlar til kommunale næringsfond.  Mellom anna går det midlar til fleire næringsklynger for å stimulere til betre utnytting av potensiala som ligg i spesialiserte næringsmiljø. Havbrukprogrammet Teknologi AkvARENA, Norwegian Centres of Expertise - NCE Instrumentering og fleire prosjekt under Arena-programmet var blant miljøa som fekk støtte. Seks næringshagar og ein distribuert inkubator fikk midlar i 2011. Dette er dynamiske utviklingsmiljø for bedrifter og viktige nodar i distrikta for å kople næringsliv med forsking og utvikling. 

Fylkeskommunen løyvde også midlar til tilrettelegging av eit nytt senter for utvikling av grøne næringar i Midt-Noreg. Skjetlein Grønt Kompetansesenter skal bygge kunnskap, kompetanse og gje tilskot til næringsutvikling, særleg innanfor fornybar energi og økologisk landbruk, tenesteproduksjon og lokal mat.

Eit anna prioritert område for fylkeskommunen var tettstadutvikling og omdømme. Målet er å tiltrekke nye innbyggarar og halde på dei som bur i regionen. Eksempel på satsingar er kompetanseheving for musikkbransjen gjennom prosjektet Trondheim calling og Midtnorsk filmsenter. Satsing på mat og reiseliv har også vore viktig. Fylkeskommunen tek del i foreininga StudiebyEN saman med mellom anna NTNU, Høgskolen i Sør-Trøndelag  og Trondheim kommune. StudiebyEN arbeider for at Trondheim skal vere ein attraktiv by å studere i og for å halde på attraktiv arbeidskraft i regionen.

Fylkeskommunen har også gitt støtte til deltaking i Interreg IVC-prosjektet e-CREATE. Dette er eit treårig prosjekt for å utvikle reiselivet langs kulturruter. Prosjektet handlar om IKT som verkty i marknadsføring av kulturruter, digitalisering av informasjon om kulturminne, oppretting av IKT-baserte nettverk for reiselivsaktørar, og bruk av sosiale medium.

Sjå elles:

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.