Historisk arkiv

Telemark fylkeskommune satsar på næringsutvikling, samt stadutvikling og profilering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Telemark fylkeskommune fordelte til saman om lag 73 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane i 2011.

Telemark fylkeskommune fordelte til saman om lag 73 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane i 2011.

Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter, samt styrking av næringsmiljø og entreprenørskap. I tillegg gjekk om lag 34 prosent til stadutvikling og profilering i 2011.

Det viser rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av  desse midlane i 2011.

Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar. 

- Regjeringa vil leggje til rette for å utnytte verdiskapingspotensiala i alle delar av landet. Me ser at Telemark fylkeskommune har sett i verk fleire gode stad- og næringsutviklingstiltak for å leggje til rette for at folk kan få arbeid og trivast i Telemark, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Telemark fylkeskommune rapporterer om at fylket har lågare vekst i folketal enn samanliknbare fylke og liten vekst i arbeidsplassar. Arbeidsløysa er høgare enn gjennomsnittet i Noreg.

For å møte desse utfordringane, har fylkeskommunen satsa særleg på næringsutvikling, samt stadutvikling og profilering. Ingen annan fylkeskommune fordelte så stor del av midlane sine på stadutvikling og profilering som Telemark fylkeskommune i 2011, og dette var også ein auke frå 2010. I satsinga på å utvikle stadar løyvde fylkeskommunen mellom anna midlar til Bulyst, som skal gjere kommunar meir attraktive å bu i og ivareta spreidd busetting.

Fylkeskommunen rapporterer om satsing på verdiskaping i distrikta, mellom anna gjennom å løyve midlar til tre inkubatorar, som er dynamiske utviklingsmiljø for bedrifter, innanfor mat- og naturbaserte næringar. I tillegg har fylkeskommunen gitt midlar til programmet Verkemiddel for regional forsking, utvikling og innovasjon, (VRI). Telemark fylkeskommune gav også midlar til utviklinga av ny miljøteknologi i samarbeid med Green Business Norway og til å utvikle Brenna næringsområde i Midt-Telemark.   

Sjå elles:

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.