Troms fylkeskommune satsar på næringsutvikling og infrastruktur
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Troms fylkeskommune fordelte 418 millionar kroner til regional utvikling i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø samt entreprenørskap. I tillegg gjekk om lag 22 prosent av midlane til infrastrukturtiltak.
Troms fylkeskommune fordelte 418 millionar kroner til regional utvikling i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form av nyskaping og vidareutvikling i eksisterande bedrifter, styrking av næringsmiljø samt entreprenørskap. I tillegg gjekk om lag 22 prosent av midlane til infrastrukturtiltak.
Dette går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Område med einsidig næringsstruktur er særleg sårbare for raske endringar i nærings- og arbeidslivet. Dei er meir utsette dess mindre arbeidsmarknadene er. Troms har teke fatt i omstillingsutfordringane i fylket, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Det regionale utviklingsarbeidet tek utgangspunkt i Fylkesplan for Troms 2010-2013 (pdf) og Regionalt utviklingsprogram for Troms 2011 (pdf).
Utfordringar i fylkeskommunen, slik det går fram av rapporten frå Troms fylkeskommune, er mellom anna einsidig næringsstruktur basert på naturressursar. Dette gjeld særleg dei små kommunane. I tillegg har kommunane utfordringar med å trekkje til seg nødvendig kompetanse. Dei har òg utfordringar med infrastruktur, for betre å kunne utnytte potensialet i næringar som reiseliv, fiskeri, havbruk, olje og gass.
Innanfor næringssatsinga gjekk om lag ein fjerdedel av midlane via Innovasjon Noreg til den bedriftsretta innsatsen i fylket. Arena-prosjektet Lønnsomme vinteropplevelser fikk støtte til å utvikle samarbeid og nye produkt innanfor reiseliv. Industrien var eit eige satsingsområde og fylkeskommunen ga midlar til mineralprosjektet Troms Mineral for å auke verdiskaping i mineralnæringa.
Som ein del av satsinga på infrastruktur, løyvde fylkeskommunen midlar til å utvikle næringsområde i kommunane Lenvik og Balsfjord og til å ruste opp Pollfjelltunnelen som er svært viktig for næringslivet og industrimiljøet på Lyngenhalvøya.
Andre satsingsområde var kultur, som byggjer opp under fylkeskommunen sitt arbeid for robuste og attraktive lokalsamfunn. Rute 69 grader nord er døme på eit opplevingsprosjekt som fikk midlar til å byggje kulturelle rasteplassar.
Kommunane Skjervøy, Ibestad, Karlsøy og Torsken fekk midlar til omstillingsprosjekt og har gjennomført tiltak som til dømes tilrettelegging av næringsareal, næringslivsseminar, etablerarhjelp, bustadutvikling og tiltak for tilbakeflytting.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Troms fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.