Vest-Agder fylkeskommune satsar på næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Om lag halvparten av dei regionale utviklingsmidlane i Vest-Agder i 2011 gjekk til næringsutvikling. Resten av midlane var ganske likt fordelte på stadutvikling og profilering, samt infrastruktur.
Om lag halvparten av dei regionale utviklingsmidlane i Vest-Agder i 2011 gjekk til næringsutvikling. Resten av midlane var ganske likt fordelte på stadutvikling og profilering, samt infrastruktur.
Dette går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. I Vest-Agder fylke blei det fordelt om lag 43 millionar kroner til dette føremålet. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner til regional utvikling i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeider med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Regjeringa har gitt fylkeskommunane eit heilskapleg ansvar for regional utvikling. Me ser at Vest-Agder fylkeskommune tenker breitt og vel å bruke dei regionale utviklingsmidlane både på næringsutvikling, stadutvikling og infrastruktur. Det blir spanande å følgje resultata av denne breie satsinga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Bruken av midlane i Vest-Agder fylkeskommune tok utgangspunkt i Regionplan Agder 2020, som er felles for begge Agder-fylka, og i dei årlege regionale tviklingsprogramma for Agder generelt og Aust-Agder spesielt.
Fylkeskommunen rapporterer om utfordringar med nyskaping og omstilling i næringslivet for å betre konkurranseevna. Det er behov for betre å utnytte lokale fortrinn og ressursar for å vidareutvikle småsamfunn. For å møte desse utfordringane har fylkeskommunen løyvd midlar til næringsutvikling. Prosjekt som fekk midlar av fylkeskommunen i 2011 var mellom anna Sørlandet kunnskapspark AS, Lister nyskaping og Lindesnesregionen næringshage, som har som oppgåve å etablere nye og vidareutvikle eksisterande bedrifter. Også etablerarsenteret EVA, som gir bedriftsrådgivning og kurs, har fått støtte. Fylkeskommunen gav vidare midlar til etablerartilskot og bedriftsutvikling i distrikta gjennom Innovasjon Noreg.
Klima og Energi var eit viktig satsingsfelt i 2011. Eksempel på dette er: Klimatiltak (vassbasert effektiv energiproduksjon, effektivitet i overføringane og effektivitet i forbruket i eigne anlegg).Tilstrekkeleg og sikker forsyning av energi. Verdiskaping innan leverandørindustrien til offshore vind. Satsing på pumpekraft gjennom kraftutveksling med utlandet.
I satsinga på unge har fylkeskommunen løyvd midlar til ungdoms- og studentbedrifter gjennom Ungt Entreprenørskap og til programmet Unge forbilde, som skal auke interessa for og rekrutteringa til real- og teknologifag. Vest-Agder fylkeskommune løyvde 24 prosent av midlane til stadutvikling og profilering.
Fylkeskommunen fordelte 20 prosent av midlane til infrastruktur, og desse gjekk mellom anna til mobildekning og breiband.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Vest-Agder fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.