Vestfold fylkeskommune satsar på å styrke næringsmiljø
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Vestfold fylkeskommune fordelte om lag 12 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldeparementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form styrking av næringsmiljø, samt nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter og entreprenørskap.
Vestfold fylkeskommune fordelte om lag 12 millionar kroner av dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldeparementet i 2011. Størsteparten gjekk til næringsutvikling i form styrking av næringsmiljø, samt nyskaping og vidareutvikling i etablerte bedrifter og entreprenørskap.
Dette går fram av rapporteringa til Kommunal- og regionaldepartementet om bruken av midlane til regional utvikling i 2011. Til saman fordelte alle fylkeskommunane om lag 2,6 milliardar kroner av desse midlane i 2011.
Fylkeskommunane har ei sentral rolle som pådrivar og initiativtakar for å skape ønskt samfunnsutvikling i eigen region på område som er viktige for folk og næringsliv, som næringsutvikling, samferdsle og utdanning. Størsteparten av Kommunal- og regionaldepartementet sine midlar til distrikts- og regionalpolitikk går difor gjennom fylkeskommunane. Fylkeskommunane samarbeidar med kommunar, næringsliv, kunnskapsinstitusjonar og ulike statsetatar for å få til verdiskaping, gode rammevilkår og attraktive stadar.
- Næringslivet i Noreg står overfor stadig tøffare internasjonal konkurranse og kamp om kompetent arbeidskraft. Dette må næringslivet møte gjennom stadig nyskaping og utvikling av innovative løysingar. Innovasjon Noreg, Forskingsrådet og fylkeskommunane, som regionale utviklingsaktørar, har særleg viktige roller i den aktive næringsretta distrikts- og regionalpolitikken. Me ser at Vestfold prioriterar verdiskaping høgt, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Bruken av dei regionale utviklingsmidlane i Vestfold var forankra i ”Regional utviklingsstrategi for 2006 – 2012”. Midlane gjekk til nokre få, høgt prioriterte område, som Norwegian Centres of Expertise-klynga NCE mikro- og nanoteknologi og Vannklynga Clean Water Norway, no ein del av Arena-programmet til Innovasjon Noreg. Begge er del av kvart sitt klyngeprogram for bedrifter, og det er auka samarbeid mellom bedriftene i dei to miljøa, mellom anna om reinsing av vatn. Andre prioriterte område var Verkemiddel for regional forsking, utvikling og innovasjon (VRI), og etablerarstipend, som vart forvalta av Innovasjon Noreg.
Eit anna område som fekk midlar var prosjektet ”Bygg i tre”, eit samarbeidsprosjekt mellom Vestfold, Buskerud og Telemark fylkeskommunar. Dette er eit prosjekt som skal auke medvitet om miljøgevinstar ved bruk av tre.
Sjå elles:
- Faktaark om dei regionale utviklingsmidlane (pdf)
- Mål for programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk (pdf)
- Tabell over fylkeskommunane si prosentvise fordeling av midlane etter arbeidsmål (pdf)
- Tabell over løyvde regionale utviklingsmidlar til alle fylkeskommunane (pdf)
- Fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar
- Illustrasjonar (Flickr)
- Vestfold fylkeskommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.