Kviteseid næringshage i Telemark inn i nytt næringshageprogram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 23.01.2012
Kviteseid næringshage får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. Dette har Telemark fylkeskommune og SIVA bestemt.
Kviteseid næringshage får tilbod om å delta i det nye næringshageprogrammet. Dette har Telemark fylkeskommune og SIVA bestemt.
- Næringshageprogrammet er viktig fordi vi har tru på at samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø kan stimulere til kreativitet og pågangsmot. Evalueringar har synt at dette er utviklande for dei etablerte bedriftene, men vi har og sett mange eksempel på at det ut frå slike miljø veks nye idear òg nye bedrifter, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete
Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping, og det blir lagt vekt på innovasjon og å få fram fleire gründarar. Samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø skapar auka verdiskaping, meirverdi, konkurransekraft og innovasjonar. Næringshagane medverkar til å trekkje til seg og rekruttere dyktige medarbeidarar til næringslivet i regionen.
Kviteseid er ein ny næringshage med eit spanande miljø med tydeleg bransjefokus (IKT). Den har og eit sterkt potensial for utvikling og vekst gjennom auka samarbeid og samhandling gjennom Næringshageprogrammet.
Regjeringa styrka næringshageprogrammet i statsbudsjettet for 2012. Det gjer at fleire næringshagar kan delta. Det er stor interesse for og hard konkurranse om å få delta i det nye programmet.
SIVA har som mål å skape sterke utviklingsmiljø i heile landet. Fylkeskommunen har hovudansvaret for å leggje til rette for ei positiv næringsutvikling i eige fylke.
- Eg er difor svært nøgd med at det nye programmet no er kome i gang og ser positivt på det tette samarbeidet mellom fylkeskommunane og SIVA i gjennomføringa av programmet, seier statsråden.
Dei næringshagane som ikkje kjem med i denne runden får eit siste høve til våren, når den siste søknadsrunden blir gjort offentleg.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.