Kommuneproposisjonen 2013
241 millionar kroner meir til Nordland neste år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 15.05.2012
Førebelse tal syner at kommunane i Nordland og Nordland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 241 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Førebelse tal syner at kommunane i Nordland og Nordland fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 241 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2013.
- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.
Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.
- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.
Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Nordland og Nordland fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.
Kommune |
Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner) |
1804 Bodø |
35,6 |
1805 Narvik |
14,1 |
1811 Bindal |
1,3 |
1812 Sømna |
1,7 |
1813 Brønnøy |
7,4 |
1815 Vega |
1,0 |
1816 Vevelstad |
0,6 |
1818 Herøy |
2,5 |
1820 Alstahaug |
6,1 |
1822 Leirfjord |
1,3 |
1824 Vefsn |
10,1 |
1825 Grane |
1,1 |
1826 Hattfjelldal |
1,1 |
1827 Dønna |
1,4 |
1828 Nesna |
1,5 |
1832 Hemnes |
3,6 |
1833 Rana |
20,2 |
1834 Lurøy |
2,5 |
1835 Træna |
0,5 |
1836 Rødøy |
1,7 |
1837 Meløy |
4,8 |
1838 Gildeskål |
1,7 |
1839 Beiarn |
0,6 |
1840 Saltdal |
3,8 |
1841 Fauske |
6,8 |
1845 Sørfold |
2,3 |
1848 Steigen |
1,9 |
1849 Hamarøy |
1,5 |
1850 Tysfjord |
1,4 |
1851 Lødingen |
1,7 |
1852 Tjeldsund |
1,0 |
1853 Evenes |
1,4 |
1854 Ballangen |
2,6 |
1856 Røst |
0,5 |
1857 Værøy |
0,8 |
1859 Flakstad |
1,6 |
1860 Vestvågøy |
9,8 |
1865 Vågan |
7,0 |
1866 Hadsel |
6,4 |
1867 Bø |
1,5 |
1868 Øksnes |
4,6 |
1870 Sortland |
9,2 |
1871 Andøy |
3,2 |
1874 Moskenes |
1,0 |
Nordland |
192,4 |
Nordland fylkeskommune |
48,9 |
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.