Noreg støtter folkevaldopplæring for kvinner i India
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 10.01.2012
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete er i India 10.- 13. januar for å følgje opp samarbeidsavtala mellom Noreg og India om lokal forvalting og lokaldemokrati. Ei styrking av kvinner si rolle i lokalpolitikken er eit viktig mål.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete er i India 10.- 13. januar for å følgje opp samarbeidsavtala mellom Noreg og India om lokal forvalting og lokaldemokrati. Ei styrking av kvinner si rolle i lokalpolitikken er eit viktig mål.
- Meir enn ein million kvinner er representerte i lokalpolitikken i India, verdas største demokrati. Mange av dei kan korkje lese eller skrive. Likevel er dei ei viktig kraft til endring og lokale vedtak. Det er viktig å bidra til at dei kan få god opplæring når dei byrjar i politikken, seier statsråd Navarsete.
Den indiske regjeringa har fremja forslag om å endre grunnlova og krevje minst 50 prosent kvinner representert i lokalpolitikken. Fleire delstatar har allereie innført 50 prosent kvinner i lokalstyreorgana sine, men dei fleste har framleis krav om 33 prosent.
- Når kvinner er garanterte plass som lokale folkevalde, gir det høve til endring. Men da er det viktig at kvinnene får kunnskap og kompetanse om korleis dei best kan bruke denne moglegheita. Frå norsk side er me glade for å bidra til dette gjennom FN si organisasjon UN Women, seier Navarsete.
Norge starta i 2010 eit bistandsprosjekt for å fremje kvinnelig politisk leierskap. Den indiske regjeringa har blitt med i prosjektet med offentlege partnarar i fem delstatar. Dei samarbeider med FNs kvinneorganisasjon, UN Women. Den norske regjeringa støttar prosjektet med 60 millionar kroner fordelt på tre år.
- Betre opplæring av folkevalde og fleire kvinner i det politiske liv kan føre til betydelege sosiale og økonomiske endringar på den indiske landsbygda og bety ei kraftig styrking av kvinna si stilling, seier Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.