Historisk arkiv

Ny giv for distriktshotella

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet har gjeve Selskapet for industrivekst (SIVA) 700.000 kroner til eit prøveprosjekt. SIVA skal teste ut ein ide om å kople distriktshotella si trong for meir stabil drift med kommunane sine nye oppgåver innanfor samhandlingsreforma.

Kommunal- og regionaldepartementet har gjeve Selskapet for industrivekst (SIVA) 700.000 kroner til eit prøveprosjekt. SIVA skal teste ut ein ide om å kople distriktshotella si trong for meir stabil drift med kommunane sine nye oppgåver innanfor samhandlingsreforma.

Ideen går ut på å leige ut ledig kapasitet og kompetanse ved hotella i stille periodar, eller som ein fast del av verksemda ved hotella.

- I første omgang er dette eit forprosjekt. Om det er interesse for modellen, kan vi her ha ein nasjonal vinn-vinn-situasjon for begge partar, både for distriktshotella og kommunane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Mange turisthotell i distrikta slit med dårleg lønsemd på grunn av endra reisemønster og sterk konkurranse frå sentrumsnære hotell og flyplasshotell. Distriktshotella er naturlege samlingspunkt lokalt, og tilbyr tenester som symjebasseng, treningsrom og møterom, som vertskommunane ikkje kan tilby. Om hotella vert nedlagte, kan slike tilbod forsvinne, i tillegg til den reduserte  økonomiske aktiviteten i kommunane.  

Samstundes har samhandlingsreforma gjeve kommunane eit utvida ansvar for helsefremjande tiltak som førebyggjing, rehabilitering og opptrening etter sjukdom.

SIVA skal fram til sommaren 2013 kartleggje det praktiske og formelle grunnlaget for eventuelt å setje i verk ei konkret utprøving av modellen i nokre kommunar i eit seinare hovudprosjekt.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.