Regjeringa aukar låneramma i Husbanken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 12.10.2012
− Regjeringa ynskjer å medverke til auka bustadbygging i Noreg. Difor har vi i dag gjort framlegg om å auke låneramma i Husbanken til 20 milliardar kroner, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa gjer framlegg om å auke låneramma inneverande år med fem milliardar kroner, frå 15 til 20 milliardar kroner.
− Det er eit stort behov for fleire bustader sjølv om talet på bygde bustader aukar. Vi veit samtidig at innbyggjarane i Noreg i gjennomsnitt blir eldre i åra som kjem, og difor treng bustader med god standard, seier Navarsete.
Låna i Husbanken er viktige for å auke bustadbygginga og påverke kvaliteten på det som blir bygd. Storparten av auken i låneramma blir gjeve til grunnlån, som igjen gjer det mogleg å byggje fleire bustader.
Husbanken gjev lån for å sikre bustadetablering for unge og vanskelegstilte, og for å fremje kvalitetar som energieffektivisering og universell utforming i bustader og bygg. Det blir òg gjeve lån til bygging av barnehagar.