Regjeringa satsar på bustader i distrikta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 16.01.2012
Ei ny satsing gjer at kommunar, verksemder og privatpersonar kan få tilskot til å etablere bustader i distrikta. No går startskotet for å søkje om å vere med.
- Målet er å auke bustadtilbodet i kommunar med små og usikre bustadmarknader og/eller mangel på bustader. Det seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
I 2012 er det sett av 20 millionar kronar til satsinga. Ordninga vil omfatte 10-12 kommunar i det distriktspolitiske virkeområdet sone 3 og 4. Kommunane kan bruke tilskotet til å byggje nye, rehabilitere eller byggje om bustader for utleige. Kommunane kan òg gje tilskottet vidare til selskap, stiftelsar og liknande som vil etablere slike utleigebustader. Vidare kan kommunane gje tilskotet vidare til privatpersonar som ynskjer å byggje eigen bustad der.
- Ordninga er viktig fordi kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader å tilby tilflyttarar. Satsinga vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.
Kommunar eller private aktørar kan få tilskot på inntil 15 prosent av godkjende prosjektkostnader. Privatpersonar kan få inntil 20 prosent av godkjende prosjektkostnader. Maksimalt tilskot til privatpersonar er 600 000 kronar.
Ordninga skal også gje kommunane auka kompetanse om korleis dei kan leggje til rette for ei god bustadutvikling.
Fristen for å søkje er 1. mars 2012.
Meir om kriteria og søkjeprosess (Husbanken sin nettstad)
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.