Juryen si grunngjeving
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Årets nynorskkommune 2012
Artikkel | Sist oppdatert: 16.10.2013
Juryen meiner Sogn og Fjordane klart skil seg ut blant årets søkjarar. Det er eit sterkt nynorskfylke som har løfta nynorskbruken opp på eit politisk overordna nivå.
Juryen meiner Sogn og Fjordane klart skil seg ut blant årets søkjarar. Det er eit sterkt nynorskfylke som har løfta nynorskbruken opp på eit politisk overordna nivå.
Juryen ynskjer særleg å trekkje fram at Sogn og Fjordane fylkeskommune har utarbeidd konkrete mål for nynorsk som skal følgjast opp av ein strategi i fylket og fylkesadministrasjonen og som Fylkestinget har slutta seg til. Dette viser at den politisk viljen i fylkeskommunen er til stades, og juryen meiner dette er ein føresetnad for å fremje nynorskbruken i fylket.
Juryen viser til rapporten ”Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012” som fylkeskommunen fekk utarbeidd i år, og som Fylkestinget har vedteken skal leggjast til grunn for den språkpolitiske satsinga. Etablering av eit forum i nynorsk med brei deltaking i Sogn og Fjordane er eit konkret tiltak som juryen ynskjer å rose.
Juryen merker seg at Sogn og Fjordane fylkeskommune er seg svært medviten den rolla dei har som eit sterkt nynorskfylke og at dei har ambisjonar på nynorskfeltet utover fylkesgrensa. Juryen ynskjer difor å gi ei oppmuntring til Sogn og Fjordane fylkeskommune om at dei held fram med sitt gode arbeid og med sine ambisjonar på vegne av det nynorske språket.
Juryen ynskjer i tillegg å gi ros til Vinje kommune og Eid kommune, som òg har levert gode søknadar. Eid imponerer med den breie oppslutninga om nynorsk frå kulturliv og næringsliv, og juryen har i fleire år merka seg det gode arbeidet Vinje kommune gjer for å forankre nynorsk i kommunale planar og i administrasjonen.