Historisk arkiv

Kommuneproposisjonen 2013

116 millionar kroner meir til Sogn og Fjordane neste år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Førebelse tal syner at kommunane i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 116 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Førebelse tal syner at kommunane i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 116 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til  kommunesektoren i 2013.

- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.

Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.

- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.

Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.

Kommune

Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner)

1401 Flora

9,3

1411 Gulen

2,2

1412 Solund

0,9

1413 Hyllestad

1,3

1416 Høyanger

2,9

1417 Vik

2,3

1418 Balestrand

1,4

1419 Leikanger

1,8

1420 Sogndal

6,3

1421 Aurland

1,6

1422 Lærdal

1,8

1424 Årdal

3,7

1426 Luster

4,3

1428 Askvoll

2,8

1429 Fjaler

0,4

1430 Gaular

3,1

1431 Jølster

2,9

1432 Førde

9,1

1433 Naustdal

2,6

1438 Bremanger

3,5

1439 Vågsøy

6,2

1441 Selje

2,5

1443 Eid

4,7

1444 Hornindal

1,3

1445 Gloppen

4,7

1449 Stryn

7,0

Sogn og Fjordane

90,6

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune

25,4

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.