Kommuneproposisjonen 2013
268 millionar kroner meir til Sør-Trøndelag neste år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 15.05.2012
Førebelse tal syner at kommunane i Sør-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 268 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Førebelse tal syner at kommunane i Sør-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommune får ein vekst i frie inntekter på 268 millionar kroner i 2013. – Det vil gje fleire og betre tenester til innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa legg opp til vekst på mellom 5,25 og 6 milliardar kroner i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2013.
- Av den samla veksten vil opp mot 5 milliardar kroner vere frie inntekter. Det legg til rette for at kommunane kan fortsetje å byggje ut barnehagar, skular, sjukeheimar og omsorgsbustadar i heile landet, seier Navarsete.
Veksten neste år kjem i tillegg til dei auka inntektene kommunane allereie har fått i år.
- Kommunesektoren vert styrka allereie i år. Nye anslag viser ein auke i skatteinntektene i 2012 på 2,3 milliardar kroner. Inntektsveksten på opp mot 5 milliardar meir i frie inntekter 2013 kjem i tillegg til dei auka skatteinntektene i 2012. Dermed ligg det godt til rette for gode kommunale tenester framover, seier Navarsete.
Tabellen syner anslag på reell vekst i dei frie inntektene for kommunane i Sør-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommune. Endelege tal vil ikkje vere klare før i statsbudsjettet for 2013.
Kommune |
Berekna vekst i frie inntekter 2012-2013 (mill. kroner) |
1601 Trondheim |
125,2 |
1612 Hemne |
3,0 |
1613 Snillfjord |
1,0 |
1617 Hitra |
4,2 |
1620 Frøya |
3,8 |
1621 Ørland |
3,8 |
1622 Agdenes |
1,1 |
1624 Rissa |
4,9 |
1627 Bjugn |
3,9 |
1630 Åfjord |
3,1 |
1632 Roan |
1,0 |
1633 Osen |
1,2 |
1634 Oppdal |
5,7 |
1635 Rennebu |
1,2 |
1636 Meldal |
2,9 |
1638 Orkdal |
9,5 |
1640 Røros |
3,8 |
1644 Holtålen |
1,6 |
1648 Midtre Gauldal |
6,6 |
1653 Melhus |
13,8 |
1657 Skaun |
5,2 |
1662 Klæbu |
4,3 |
1663 Malvik |
8,9 |
1664 Selbu |
4,0 |
1665 Tydal |
0,6 |
Sør-Trøndelag |
224,3 |
Sør-Trøndelag fylkeskommune |
43,5 |
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.