Stat og kommune – styring og samspel: - Kommunane treng fridom
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 10.02.2012
- Regjeringa vil ha kommunar og fylkeskommunar med handlingsrom. Gode og effektive velferdstenester og livskraftige lokalsamfunn krev ein sterk kommunesektor med armslag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
- Regjeringa vil ha kommunar og fylkeskommunar med handlingsrom. Gode og effektive velferdstenester og livskraftige lokalsamfunn krev ein sterk kommunesektor med armslag, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Fredag la ho fram prinsippmeldinga om forholdet mellom staten og kommunane. Den slår fast prinsippet om økonomisk og juridisk rammestyring av kommunane.
- Alternativet er statleg detaljstyring, seier Navarsete. Ho meiner ein del trendar og politiske krefter dreg i feil retning – mot meir statleg styring.
Prinsippet om at alle kommunar uavhengig av storleik skal ha dei same oppgåvene, blir også slått fast i meldinga.
- Det legg grunnlag for likeverdige tenester med lokal tilpassing til alle innbyggjarar same kor dei bur i landet vårt, seier Navarsete.
- Regjeringa legg grunnlag for ei vidareutvikling av eit sterkt lokalt folkestyre. Den gode velferda blir skapt i godt samspel mellom ein sterk kommunesektor og ein stat som veit kva han vil, men overlet til kommunane å finne dei gode lokale løysingane, seier Navarsete.
- Variasjonane mellom kommunar og regionar er store. Det same kan utfordringane vere. Difor er det viktig at det er dei lokale folkevalde som tek dei viktige avgjerdene for den einskilde innbyggjaren. Dei kjenner lokale tilhøve best. Med prinsippa i denne meldinga legg vi grunnlag for gode velferdstilbod og god samfunnsutvikling over heile landet i lang tid framover, seier Navarsete.
Ho meiner dei viktigaste tiltaka i meldinga kjem på tre område:
- Når vi skal lage nye lover, skal vi tydeleg vise avvegingane mellom nasjonale omsyn og konsekvensane for handlingsfridomen til kommunane. Vi skal også sikre kommunane meir medverknad i desse prosessane.
- Når vi skal vurdere nye, individuelle rettar, skal vi kvar gong vurdere løysingar som opnar for mest muleg lokal tilpassing. Som eit alternativ til ein slik individuell rett, skal staten vurdere om ei plikt for kommunane til å tilby ei teneste kan vere like målretta. Det gjev større fleksibilitet. Regjeringa kjem ikkje med nye framlegg om individuell plan før me har gjennomført ei grundig evaluering av lovene på området.
- Vi skal sikre meir målretta og etterspurd rettleiing til kommunane. Staten skal ikkje pålegge kommunane rapportering som ikkje blir aktivt brukt. Vi varslar dessutan ein gjennomgang av utviklinga i direktorata for å sjå korleis dette har påverka handlefridomen til kommunane.
- Vi treng nasjonal styring på viktige område, men styringa skal vere godt grunngjeven og målretta. Eg trur dialog og samhandling om utviklingstiltak ofte vil gje betre resultat enn sterke styringsverkemiddel, seier Navarsete.
- Stortingsmeldinga ”Stat og kommune – styring og samspel”
- Nett-tv frå pressekonferansen om stortingsmeldinga 10. februar 2012
- Hashtag: #statkommune
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00