Historisk arkiv

Uavhengig kontroll av byggjeprosjekt frå nyåret

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ordninga med uavhengig kontroll av byggjeprosjekt vil bli sett i verk 1. januar 2013.

Ordninga med uavhengig kontroll av byggjeprosjekt vil bli sett i verk 1. januar 2013. 

I samband med Byggedagene 21. mars blei det informert om at ordninga med uavhengig kontroll ikkje ville bli sett i verk som planlagd 1. juli 2012. Årsaka til utsetjinga er at det er uvisst om det er nok føretak til å gjere kontrolljobben. 

- For at ingen skal vere i tvil, reglane om kontroll vil bli sett i verk 1. januar 2013. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Statsråden vil like over påske møte alle deler av byggjenæringa for å diskutere moglege tiltak for å sikre at  det er ei trygg og robust ordning som blir sett i verk frå årsskiftet. Det er framleis behov for opplæring og rettleiing, både i næringa og i kommunane.

- Som eg  har sagt tidligare, er eg også open for å sjå nærare på om vi kan få til fleire tilpassingar og forenklingar som gjer at vi får nok føretak som kan føre kontroll på ein god og effektiv måte, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00