Vekst i folketalet i 311 kommunar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 24.02.2012
Tal frå SSB for folketalsutviklinga i 2011 syner at den store auken i folketalet i Noreg held fram. Tala syner at flyttestraumane går i fleire retningar.
Tal frå SSB for folketalsutviklinga i 2011 syner at den store auken i folketalet i Noreg held fram. Tala syner at flyttestraumane går i fleire retningar.
I fjor hadde 311 av 430 kommunar vekst i folketalet (frå og med 2012 er det 429 kommunar i landet). Dette er éin kommune meir enn i 2010 og – samanlikna med talet på kommunar – det høgste nokon gang i perioden 1951–2011.
Alle fylka hadde vekst i folketalet. Av dei minst sentrale kommunane i landet hadde 97 av 177 kommunar vekst i folketalet i 2011. Dette er det same som i 2010, men til dømes 65 fleire enn i 2006. Som for dei to siste åra var det òg samla sett vekst i folketalet i dei minst sentrale kommunane.
Flyttestraumane går i fleire retningar, til dømes frå sør til nord, byområde til distrikt og omvendt. Ofte er desse flyttestraumane jamstore.
– Eg gler meg over at veksten i befolkninga kjem i heile landet, frå storby til småsamfunn, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Innvandringa stod for vel 70 prosent av folketalsveksten på landsbasis. Om lag 60 distriktskommunar opplevde vekst i folketalet i 2011 på grunn av innvandringa.
– Me ser at den positive utviklinga med vekst i befolkninga i heile landet held fram. Innvandringa betyr mykje for veksten i dei minste kommunane i Noreg, seier Navarsete.
For det distriktspolitiske verkeområdet var flytteoverskotet på snautt 6 400 personar, etter at 68 036 hadde flytta inn og 61 660 flytta ut.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.