Vil fjerne konvolutten ved førehandsrøysting
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 04.05.2012
Veljarar skal ikkje lenger bruke røystesetelkonvolutt når ein førehandsrøyster i eigen kommune. Dette er blant forslaga Kommunal- og regionaldepartementet no sender ut på høyring.
Veljarar skal ikkje lenger bruke røystesetelkonvolutt når ein førehandsrøyster i eigen kommune. Dette er blant forslaga Kommunal- og regionaldepartementet no sender ut på høyring.
- Vi ynskjer å gjere ordninga med førehandsrøysting meir lik den veljarane møter på valdagen, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete. – Slik vil vi også sikre krav til hemmeleghald av røystene betre.
Når ein førehandsrøyster blir røystesetelen i dag lagt i ein konvolutt som saman med valkortet blir lagt i ein ny omslagskonvolutt. Seinare blir røystesetelen og valkortet skilde før ein tel røysta. Enkelte veljarar reagerer på at valkortet blir lagt saman med røystesetelkonvolutten og meiner kravet til hemmeleghald då ikkje blir tilstrekkeleg ivareteke.
Departementet føreslår at veljarar som røystar i eigen kommune ikkje skal bruke røystesetelkonvolutt. I staden skal dei bli kryssa av i manntalet og få røysta si godkjent når dei røystar. På denne måten vil ein framskunde tidspunktet for godkjenning og få same prosedyre som den ein brukar på valdagen. For veljarar som høyrer til andre kommunar, skal ein framleis bruke røystesetelkonvolutt, sidan desse røystene skal sendast til rett kommune.
Departementet føreslår samstundes krav om at det alltid er to valfunksjonærar til stades ved mottak av førehandsrøyster, slik regelen også er på valdagen.
Departementet føreslår også at krav til eigna og tilgjengelege vallokale blir fastsett i lova. I dag ligg kravet til tilgjenge i valforskrifta.
- Det er svært viktig at tilgjenge til val og vallokala er god for alle veljarar. Me ønskjer så høg deltaking som mogeleg. Då må det vere enkelt å bruke røysteretten sin. Ei lovregulering vil vere med på å gjere veljarane sin rett og kommunane si plikt meir synleg, seier Navarsete.
Samstundes føreslår departementet at ansvar for å etablere og oppdatere manntalet blir overført til statlege styresmakter. Ein ønskjer ein fast dato for når manntalet ikkje lenger kan endrast og å etablere eit førebels manntal per 2. januar til bruk ved førebuinga av val.
Høyringsfristen er sett til 1. august 2012.
Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00