Statsbudsjettet 2013
Vil utvikle framtidsretta distriktsnæring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2012
Kommunal- og regionaldepartementet løyver 5 millionar kroner til Innovasjon Noreg som skal utvikle programmet ”Norsk næringsliv i bioøkonomien”.
Kommunal- og regionaldepartementet løyver 5 millionar kroner til Innovasjon Noreg som skal utvikle programmet ”Norsk næringsliv i bioøkonomien”. Innovasjon Noreg vil og nytte overførte midlar frå tidlegare år til å styrke satsinga.
Programmet ”Norsk næringsliv i bioøkonomien” inneheld tiltak for å utvikle vekstnæringar innan avansert raffinering av biprodukt frå skogbruk, landbruk og frå fiskeri-/havbruksnæringa. Biprodukta skal utnyttast på nye vis. Dermed aukar verdien og bruken av biologiske ressursar som ikkje, eller i mindre grad, blir utnytta i dag.
- Noreg har gode føresetnader for å kunne hevde seg internasjonalt innan avansert raffinering av fornybare råvarer. Styrken er mellom anna høg relevant kompetanse og relativ god tilgong til rest-råstoff og biprodukt, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Programmet inneheld støtte til utvikling av ny teknologi, ny kunnskap, oppskalering av produksjon, samt noko risikoavlasting. Innsatsen skal kome små og mellomstore bedrifter til gode.
Midlane som går til dette programmet i 2013 skal brukast til å utvikle og prøve ut tiltak. Slik skal det bli danna eit solid grunnlag for ei eventuell større offentleg satsing.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.