15 millionar til mindre kommunar i distrikta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 09.02.2013
Kommunal- og regionaldepartementet tildeler fylkeskommunane 15 millionar kroner for å gje mindre kommunar i distrikta større kapasitet til å utvikle lokalsamfunna.
Kommunal- og regionaldepartementet tildeler fylkeskommunane 15 millionar kroner for å gje mindre kommunar i distrikta større kapasitet til å utvikle lokalsamfunna.
Målet er å auke kommunane sin innsats i utviklinga av lokalsamfunn som er attraktive for innbyggarar og næringsliv.
Bruken av midlane skal ta utgangspunkt i behov og planar i kommunane.
Fylkeskommunane og Distriktssenteret skal i samarbeid med kommunane utvikle eit femårig utviklingsprogram tilpassa utfordringane i dei ulike kommunane.
Målgruppa er kommunar:
- Med mindre enn 2000 innbyggarar og som ligg innanfor det distriktspolitiske verkeområdet sine soner III og IV, med størst høve til å gje offentleg støtte. Som manglar kapasitet eller kompetanse til å kunne prioritere strukturert utviklingsinnsats
- Som ikkje tek del i regionale- eller statlege tiltak for å utvikle attraktive lokalsamfunn eller har status som omstillingskommune.
Kommunane kan gjerne samarbeide med større, eller omkringliggjande kommunar.
- Dette er eit målretta tiltak der vi rettar innsatsen mot små kommunar og bidreg med kompetanse og økonomiske verkemidlar for å utvikle potensialet som ligg i desse kommunane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Vedlagte tabell viser fordelinga av midlane:
Fylke |
Kommunar |
Mill.kr |
Finnmark |
Nesseby og Karasjok |
0,8 |
Troms |
Kvænangen, Storfjord, Berg og Tranøy |
1,5 |
Nordland |
Grane, Hattfjelldal, Moskenes og Lurøy |
1,5 |
Nord-Trøndelag |
Høylandet, Namdalseid, Fosnes og Flatanger |
1,5 |
Sør-Trøndelag |
Osen, Roan og Holtålen |
1,1 |
Møre- og Romsdal |
Halsa, Stordal og Norddal |
1,1 |
Sogn og Fjordane |
Hornindal og Balestrand |
0,8 |
Hordaland |
Granvin og Ulvik |
0,8 |
Rogaland |
Kvitsøy |
0,5 |
Vest-Agder |
Åseral, Audnedal og Hægebostad |
1,1 |
Aust-Agder |
Vegårdshei, Valle og Bygland |
1,1 |
Telemark |
Hjartdal, Fyresdal og Nissedal |
1,1 |
Buskerud |
Krødsherad |
0,5 |
Hedmark |
Folldal, Rendalen og Engerdal |
1,1 |
Østfold |
Marker, Aremark og Rømskog |
0,5 |
SUM |
|
15,0 |
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.