Revidert nasjonalbudsjett 2013
150 millionar kroner å realisere til den digitale allemannsretten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 07.05.2013
Regjeringa gir ei tilleggsløyve på 53,2 millionar kroner i RNB til utbygging av breiband. Løyvinga skal medverke til at alle husstandar får breibandsdekning av grunnleggjande god kvalitet.
Regjeringa gir ei tilleggsløyve på 53,2 millionar kroner i RNB til utbygging av breiband. Løyvinga skal medverke til at alle husstandar får breibandsdekning av grunnleggjande god kvalitet.
- Utbygging av breiband er viktig for å nå regjeringa sitt mål om at folk skal kunne busetje seg der dei sjølve ønskjer, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Breiband er infrastruktur og like naudsynt som veg, telefoni og straum.
Regjeringa har ein ambisjon om at alle husstandar skal få tilgang til breiband av grunnleggjande god kvalitet. Eit viktig tiltak for å betre breibandstilbodet er kravet om dekning på minst 98 prosent ved tildeling av frekvensar for mobilt breiband. Det vil medverke til betra breibandstilbod over heile landet.
Eit anna viktig tiltak er å løyve minst 150 millionar kroner i året til utbygging av breiband i område utan breibandstilbod. Dette er eit så viktig tiltak at regjeringa i samband med revidert nasjonalbudsjett vil foreslå å auke løyvingane til breiband til 150 millionar kroner allereie for 2013. Det er ei auke på 53,2 millionar kroner samanlikna med gjeldande løyving.
De nye løyvingane vil gjelde heile landet fordi det og finst område utanfor det distriktspolitiske verkeområde som har vanskar med å få breiband av grunnleggjande god kvalitet.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00