164,27 millionar til regional utvikling i Troms
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Statsbudsjettet 2014
Pressemelding | Dato: 14.10.2013
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Troms fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 164,27 millionar kroner i 2014.
Regjeringa gjer framlegg om at tilskotet til Troms fylkeskommune for regional utvikling blir på om lag 164,27 millionar kroner i 2014.
I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa å løyve 2,76 milliardar kroner til ein ekstrainnsats i distrikts- og regionalpolitikken. Fylkeskommunane skal forvalte om lag 77 prosent av desse midlane.
Frå 2014 vil modellen for fordeling av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla mellom fylkeskommunane bli endra, slik det blei varsla i Meld. St. 13 (2012-2013) Ta heile Noreg i bruk. Ny fordelingsmodell er i tråd med målet om å kanalisere mest ressursar til område med særskilde utfordringar, og tar i større grad utgangspunkt i kommunane sitt behov for ein distriktsretta ekstrainnsats. Samla sett vil fordelinga av midlane ha ein klar distriktsprofil, ved at fylkeskommunane med kommunar med størst utfordringar vil bli særskilt prioritert i fordelinga av midlane. Vidare vil Nord-Noreg og Namdalen bli prioritert i dei fylkesvise løyvingane, ut frå utfordringane knytt til lågt folketal og små bu- og arbeidsmarknader som følgje av lange avstandar. Nord-Troms og Finnmark, som utgjer tiltakssona, vil bli gitt ei ytterlegare prioritering i tråd med regjeringas vidareføring av satsinga i tiltakssona.
Gjennom distrikts- og regionalpolitikken ynskjer regjeringa å leggje til rette for busetjing og verdiskaping i heile landet.
- Vi ser tendensar til ei ny todeling av Noreg. Tidlegare gjekk det eit økonomisk skilje mellom nord og sør. No veks det fram større skilnader mellom kyst og innland, og småsamfunn både i sør og nord har store utfordringar. Dette gjer det naudsynt å endre fordelinga av dei distrikts- og regionalpolitiske verkemidla slik at den betre speglar det enkelte fylke sine utfordringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Av løyvinga til Troms er 21,65 millionar kroner sette av til kommunale eller regionale næringsfond. Midlane skal setje næringssvake kommunar eller regionar betre i stand til å støtte opp om lokal næringsutvikling.
7 millionar kroner av løyinga til Troms er sette av til å møte omstillingsutfordringar.
Etter årsskiftet vil fylket òg få kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift. I 2013 var kompensasjonsmidlane i Troms på 133,9 millionar kroner.
Innovasjon Noreg skal i 2014 gjennomføre to pilotprosjekt for å få meir kunnskap om egna arbeidsmetodar og tiltak som kan bidra til fleire og betre såkalla ”forretningsenglar/Business angels”. Målet er å utløyse meir privat kapital frå risikovillige private investorar, og at gründerane skal bli meir profesjonelle i forretningsdrifta si. Forretningsengel (Business angel) blir brukt som namn på ein uformell privat investor som ikkje berre bidrar med kapital i eit prosjekt, men òg med kompetanse, nettverk og tid. Eit av prøveprosjekta i 2014, er (etablerar)tilskot til gründerbedrifter som blei etablert for ei stund sida, men som slit med å få på plass nok privat vekstkapital. Tiltaket skal prøvast ut i Troms. Det andre prosjektet er eit kompetansetilbod for forretningsenglar og potensielle forretningsenglar i dei tre nordlegaste fylka. Tilbodet skal særleg leggje vekt på internasjonal forretningsutvikling. Den nye kunnskapen skal òg inspirere investorane til å gå inn i fleire oppstartsbedrifter.
- Les korleis Troms fylkeskommune nytta dei regionale utviklingsmidlane i 2012
- Gå til Kommunal- og regionaldepartementet si samleside for statsbudsjettet i 2014
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.