5,3 millionar til bulystsatsinga i Sogn og Fjordane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 24.06.2013
I år har Kommunal- og regionaldepartementet motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spanande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av utfordringar knytt til integrering og tilflytting.
I år har Kommunal- og regionaldepartementet motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spanande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av utfordringar knytt til integrering og tilflytting.
Det er sett av 55 millionar kroner til bulyst no i 2013. I Sogn og Fjordane er det fire prosjekt som får støtte. Til saman får desse prosjekta 5,3 millionar kronar frå Bulystprogrammet. Prosjekta er i kommunane Aurland, Askvoll, Vik og Stryn.
- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Me er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet lagt særleg vekt på kvalitet, forankring og samarbeid. Fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknadar. Distriktssenteret har ei sentral rolle i formidling og synleggjering av prosjekta.
- Bulyst er inne i sitt fjerde og siste år. Dei tre første åra har 98 ulike prosjekt fått om lag 124 millionar kroner. Eg er stolt over det me har oppnådd gjennom desse spennande lokale utviklingsprosjekta. Det har skapt både inspirasjon og entusiasme i lokalmiljøa, seier Navarsete.
- I år får 49 prosjekt til saman vel 55 millionar kroner. Gjennom bulyst har me fått fram ei rekkje varierte og interessante prosjekt i heile landet. Eg vonar at kunnskapen prosjekta har tileigna seg blir til stor nytte for dei aktuelle kommunane, og også for andre med liknande utfordringar, seier kommunalminister Navarsete.
Europeisk arbeidsinnvandring – får 650 000 i bolystmidlar
Prosjektet Europeisk arbeidsinnvandring i Askvoll kommune er ei vidareføring av eit forprosjekt, som ga ei netto tilflytting på 44 personar, samt 8 nye arbeidsstader i Askvoll kommune. Målet for dette prosjektet er å skaffe 100 nye tilflyttarar, ca 25 familiar, og bidra til at minst ein vaksen person i kvar av familiane som flyttar er i arbeid. Midlane skal mellom anna nyttast til å byggje nettverk mellom moglege arbeidssøkjarar og samarbeide med næringsliv og organisasjonar i deira arbeid med rekruttering, slik som NAV/Eures i tillegg til ei lang rekkje næringsnettverk.
Velkomen til Vik – får 2 millionar kroner i bulystmidlar
Vik kommune sitt prosjekt er tufta på hovudutfordringa som er å snu ei negativ folketalsutvikling. I prosjektet skal dei arbeide med denne problemstillinga på to måtar; gjennom tiltak som styrkar bulyst og trivsel for dei som allereie bur i kommunen (og på den måte hindre fråflytting) og gjennom tiltak for ny tilflytting utanfrå. Prosjektet er sett saman av fire delprosjekt og støtter opp om lokale samarbeidstiltak. Prosjektet har særleg fokus på europeisk arbeidsinnvandring og integrering av flyktningar i kommunen. Innsatsen er mellom anna knytt til tilrettelegging av bustad , avtalar med bedrifter om praksisplassar, språktrening m.m.
Bulyst ved nasjonalpark ; attraktive arbeidsplassar – får 2 295 000 kroner i bulystmidlar
Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Stryn skal i dette bulystprosjektet skape auka bulyst gjennom å skape næringsutvikling og kompetansearbeidsplassar knytt til bruk av naturen i ei bygd med nasjonalpark. Prosjektet handlar ikkje om utbygging av senteret, men skal styrke attraktiviteten til området rundt nasjonalparken. Dette skal mellom anna gjerast gjennom styrka marknadsføring av senteret, utvikling av aktivitet som bidreg til heilårsarbeidsplassar og betre forankring av nasjonalparken og verdien av dette i lokalsamfunnet. Prosjektet skal bidra til å auke kompetansen om moglegheiter for utvikling av næring knytt til nasjonalparken og kople bedrifter, lokalbefolkning og etablerarar. Nasjonalparken skal bli meir tilgjengeleg gjennom formidling av kunnskap som legg grunnlaget for opplevingar og guiding.
Prosjektet ”Bergteken” i Aurland får 650 000 kroner i bulystmidlar
Hovudmålsettinga for Bergteken-prosjektet er å mobilisere krefter i Aurland til å jobbe for felles målsetting om å auke tilflyttinga. Prosjektet vil at fleire skal bli bergtekne av plassen. Målsettinga er at dette på sikt vil hjelpe både næringsliv og offentleg verksemd og gje grunnlag for aktivitet og eit større sørvistilbod. Prosjektet skal auke busetnad i kommunen, ved at ein større del av bustadmassen blir gjort tilgjengeleg som heilårsbustad. prosjektet skal skape fleire møteplassar gjennom lokale bulystarrangement med tema knytt til formidling av lokal kunnskap og lokal kultur. I prosjektet vil dei òg ta vare på mangfaldet, ved å gjennomføre bulystarrangement med fokus på internasjonal mat, kultur og globale spørsmål.
- Prosjekta i Sogn og Fjordane tar tak i viktige utfordringar, frå tilflyttingsarbeid og rekruttering av utenlandsk arbeidskraft til å få fleire attraktive kompetansearbeidsplassar knytta til verdiane i nasjonalparken her i Stryn. Prosjekta kan vere til stor inspirasjon for andre lokalsamfunn i heile Noreg og eg gler meg til å sjå kva resultat de klarer å få til, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.