Statsbudsjettet 2014
7,7 milliardar kroner meir til velferd og utvikling i kommunane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2013
Regjeringa gjer framlegg om at kommunane og fylkeskommunane får ein reell inntektsvekst på 7,7 milliardar kroner i 2014. - Inntektsauken legg til rette for framleis vekst i kommunale tenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa gjer framlegg om at kommunane og fylkeskommunane får ein reell inntektsvekst på 7,7 milliardar kroner i 2014. - Inntektsauken legg til rette for framleis vekst i kommunale tenester, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Veksten i samla inntekter er 1,2 milliardar kroner høgare enn den øvre grensa som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2014. 5,2 milliardar kroner kjem som frie inntekter. Veksten i frie inntekter skal mellom anna dekkje meirutgiftene kommunane får som følgje av demografiske endringar, som auke i folketalet og fleire born og eldre.
- Ein sunn og sterk kommuneøkonomi er viktig for at folk i heile landet skal ha eit godt tenestetilbod. Å styrkje kommunane sin økonomi har difor vore eit av dei viktigaste satsingsområda for denne regjeringa. På åtte år har me reelt auka kommunane sine inntekter med 69,6 milliardar kroner, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Veksten er rekna frå berekna inntektsnivå i 2013 i revidert nasjonalbudsjett for 2013.
Av veksten i frie inntekter i 2014 går 500 millionar kroner til fornying og opprusting av fylkesvegane. 180 millionar kroner skal nyttast til å bygge ut helsestasjons- og skulehelsetenesta.
Regjeringa legg til rette for særskilt styrking av fleire kommunale tenesteområde. I tillegg til veksten i frie inntekter, gjer regjeringa framlegg om å auka løyvingar til mellom anna:
- reell nedgang i maksimal foreldrebetaling i barnehage
- opptrapping mot to barnehageopptak i året
- valfag på ungdomstrinnet
- rett til påbygging til generell studiekompetanse etter oppnådd fagbrev
- rentekompensasjonsordningane for skule- og symjeanlegg og kyrkjebygg
- kommunalt barnevern
- tiltak mot barnefattigdom
- investeringstilskot til omsorgsbustader
- påskjøningsordningar for betre kollektivtransport og mindre bilkøyring i byområda
Detaljar kring desse satsingane finn ein under budsjetta til dei ulike fagdepartementa.
Fylkesvis fordeling
- 1680 millionar kroner meir til Akershus neste år
- 345 millionar kroner meir til Aust-Agder neste år
- 751 millionar kroner meir til Buskerud neste år
- 246 millionar kroner meir til Finnmark neste år
- 548 millionar kroner meir til Hedmark neste år
- 1 340 millionar kroner meir til Hordaland neste år
- 737 millionar kroner meir til Møre og Romsdal neste år
- 711 millionar kroner meir til Nordland neste år
- 367 millionar kroner meir til Nord-Trøndelag neste år
- 537 millionar kroner meir til Oppland neste år
- 1786 millionar kroner meir til Oslo neste år
- 1309 millionar kroner meir til Rogaland neste år
- 278 millionar kroner meir til Sogn og Fjordane neste år
- 812 millionar kroner meir til Sør-Trøndelag neste år
- 454 millionar kroner meir til Telemark neste år
- 461 millionar kroner meir til Troms neste år
- 542 millionar kroner meir til Vest-Agder neste år
- 623 millionar kroner meir til Vestfold neste år
- 730 millionar kroner meir til Østfold neste år
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00