96,84 millionar kroner til breiband i 2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 03.04.2013
Regjeringa gir i år 96,84 millionar kroner til fylkeskommunane, og har sidan 2006 løyvd meir enn ein milliard kroner til breibandsformål over heile landet.
Regjeringa gir i år 96,84 millionar kroner til fylkeskommunane, og har sidan 2006 løyvd meir enn ein milliard kroner til breibandsformål over heile landet.
- Tilgang til breiband med høg kapasitet er naudsynt i heile landet for at alle skal kunne ta del i samfunnsutviklinga og for å sikre vekst i næringslivet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Sjølv om dei fleste bur i område med tilbod om breiband i dag, har mange stader behov for ”breiare” breiband. Regjeringa har difor satsa på å stimulera til utbygging i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggje ut.
- Betre og raskare breiband er naudsynt for at bedrifter skal kunne etablere seg eller utvikle seg i alle deler av landet, seier Navarsete. Breiband er god samfunnsøkonomi og heilt avgjerande for å møte framtidige behov innan skule, helse og næringsliv, og for å hindre digitale klasseskiljer.
- Utbygging av breiband er viktig for at folk skal kunne busetje seg der dei sjølve ønskjer, seier statsråden.
Regjeringa har som mål at 100 prosent av husstandane i Noreg dei næraste åra skal få eit tilbod om breibandsdekning av grunnleggjande god kvalitet. Regjeringa vil difor i åra framover sette av minst 150 millionar kroner til utbygging av breiband i område som i dag ikkje har eit slikt tilbod. I tillegg vil Regjeringa setje krav til ein dekningsgrad på minst 98 prosent ved tildeling av frekvensar for mobilt breiband.
Fordelinga i 2013
|
Fordeling til breiband og anna infrastruktur 2013 |
Østfold |
0,33 |
Hedmark |
5,14 |
Oppland |
5,14 |
Buskerud |
1,99 |
Telemark |
4,44 |
Aust-Agder |
1,81 |
Vest-Agder |
2,16 |
Rogaland |
1,94 |
Hordaland |
5,27 |
Sogn og Fjordane |
6,34 |
Møre og Romsdal |
8,93 |
Sør-Trøndelag |
5, 66 |
Nord-Trøndelag |
7,07 |
Nordland |
19,52 |
Troms |
12,46 |
Finnmark |
8,64 |
Sum |
96,84 |
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.