Statsbudsjettet 2014
Auka skatteinntekter for kommunane i 2013
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2013
Nye berekningar indikerer at kommunesektoren vil få 1,8 milliardar kroner meir i skatteinntekter i 2013 enn tidlegare varsla
Nye berekningar indikerer at kommunesektoren vil få 1,8 milliardar kroner meir i skatteinntekter i 2013 enn tidlegare varsla
Auken er fordelt med 1450 millionar kroner til kommunane og 350 millionar kroner til fylkeskommunane.
- God vekst i norsk økonomi gir auka skatteinntekter til kommunane. Desse pengane kan kommunane bruke til å betre den økonomiske situasjonen, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Gjennom inntektsutjamninga får alle kommunar og fylkeskommunar del i auka skatteinntekter. Dette bidreg til å styrke den økonomiske situasjonen i kommunesektoren.
Den reelle auken i dei samla inntektene til kommunesektoren i 2013 er no rekna til 6,7 milliardar kroner. Av den samla inntektsauken er 4,2 milliardar kroner frie inntekter.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00