Breibandssatsing gir resultat
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 15.02.2013
Ny rapport frå Nexia syner at tilskota frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane har gitt 55.000 nye husstandar i heile landet tilgang til breiband. Det er over halvparten av dei som har fått breibandsdekning sidan 2007.
Ny rapport frå Nexia syner at tilskota frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane har gitt 55.000 nye husstandar i heile landet tilgang til breiband. Det er over halvparten av dei som har fått breibandsdekning sidan 2007.
-Tilskotet er naudsynt for å få full breibandsdekning i heile landet, slik at vi unngår eit geografisk klasseskilje i tilgangen på breiband, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Breiband er ein type infrastruktur som ofte vil vere like naudsynt som veg, telefoni og straum.
Rapporten syner at fylkeskommunane så langt har nytta 485 millionar kroner av tilskota, og at dei har utløyst totalt 1,1 milliard i breibandsinvesteringar. Totalt har fylkeskommunanes arbeid gitt 55.000 husstandar tilgang til breiband. I tillegg har 21.000 husstandar fått eit betre breibandstilbod. Tilskotet er øyremerka utbygging i område der breibandsaktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut breiband .
Det er gjennomført prosjekt i nesten 300 kommunar, og dekninga har auka meir i slike kommunar enn i dei som ikkje har hatt prosjekt initiert av fylkeskommunane.
Rapporten syner at dei mest aktive fylkeskommunane stort sett og har fått dei beste resultata. Dei har fått ei høgare del ekstern finansiering og større auke i breibandsdekninga.
Det er skilnader i arbeidsformene som fylkeskommunane har nytta for å få god nytte av midlane. I Agder har til dømes samarbeid mellom 30 kommunar og 2 fylkeskommunar skapt sterk forhandlingsmakt, god organisering av arbeidet og gode resultat. I Sør-Trøndelag har fylkeskommunen nådd gode resultat i utstrakt samarbeid med kommunar, næringsliv og utbyggjarar. Fylkeskommunen i Nord-Trøndelag er prosjektorientert og har mellom anna teke i bruk dugnad for å få realisert høghastighetsbreiband.
KRD har kvart år sidan 2007 løyva om lag 100 millionar kroner i tilskot til fylkeskommunane for å betre breibandsdekninga i område der breibandsaktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut.
Les heile rapporten her: Resultater av arbeid med bredbånd i fylkeskommunene (pdf)