Bulystmidlar til Grue kommune
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 26.06.2013
I år har vi motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spanande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av utfordringar knytt til integrering og tilflytting.
I år har vi motteke heile 130 søknadar til Bulystsatsinga. Det har vore spanande å sjå kva lokale og regionale aktørar er opptekne av, for å skape attraktive lokalsamfunn. I år har mange av kommunane vore særs opptekne av utfordringar knytt til integrering og tilflytting.
Samla har vi sett av 55 millionar kroner til bulyst i år. Eitt av prosjekta som no
får 300 000 kroner i støtte ligg i Grue kommune i Hedmark.
- Regjeringa vil at alle i Noreg skal ha høve til å bu der dei ønskjer. Bulystsatsinga inneber midlar til utviklingsprosjekt, som skal vere med på å skape attraktive lokalsamfunn. Vi er særleg ute etter prosjekt som har nasjonal overføringsverdi. Søknadsbunken vitnar om at det er eit stort engasjement i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Variasjonen på både tema og geografi har vore stor. I utveljinga av bulystprosjekt har Kommunal- og regionaldepartementet lagt særleg vekt på kvalitet, forankring og samarbeid. Fylkeskommunane har spelt ei viktig rolle i handsaminga av søknadar. Distriktssenteret spelar ei sentral rolle i formidling og synleggjering av prosjekta.
Bulyst er inne i sitt fjerde og siste år. Dei tre første åra har 98 ulike prosjekt fått om lag 124 millionar kroner. Eg er stolt over det vi har oppnådd gjennom desse spennande lokale utviklingsprosjekta, seier statsråden. Det har skapt både inspirasjon og entusiasme i lokalmiljøa.
I år får 49 prosjekt til saman vel 55 millionar kroner. Gjennom bulyst har vi fått fram ei rekkje varierte og interessante prosjekt i heile landet. Eg vonar at prosjektet gir ønska resultat i kommunar og lokalsamfunn.
Prosjektet har som mål å rekruttere innbyggjarar i aldersgruppen 25 - 45 år, med bulyst og bukvalitet som innsatsfaktorar. Denne aldersgruppen har i hovudsak fullført utdanning (grunnutdanning) og er i etableringsfasen og start av familieliv, eller i reetablering (f. eks ut av byen). I dette prosjektet ønsker de å satse konkret på verkemidler for å skape auka bulyst og drive ein aktiv rekruttering, gjennom sentrumsutvikling og aktiv marknadsføring av bukvalitet på arenaer hvor målgruppen er å treffast.
Dette prosjektet kan vere til stor inspirasjon for andre lokalsamfunn, særleg i randsona av større arbeidsmarknadsregionar, slik som Grue er. Det blir spanande å kva resultat de klarer å få til i dette viktige prosjektet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.