Historisk arkiv

Byggeskikkprisen til Stavanger katedralskole og Stavanger kulturskole

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Stavanger kulturskole og Stavanger katedralskole avdeling Bjergsted er vinnaren av Statens byggeskikkpris 2013. – Eg voner skulebygga blir ein god møtestad for elevar, lærarar og heile byen i mange år framover. Her har byggherre og arkitekt løyst oppgåva på ein framifrå måte, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statens byggeskikkpris er rekna som ein av dei gjævaste prisane innan norsk arkitektur- og byggjeskikk. Prisen på 200 000 kroner blei delt mellom Arkitekturverkstedet/Asplan Viak AS og byggherre Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune .

Juryen, med leiar Anne Enger i spissen, seier dette er eit eineståande prosjekt der både byggherre og arkitekt har hatt høge ambisjonar – og dei har verkeleg lukkast. Barn og unge i Stavanger har fått eit kulturelt skuletilbod av ypparste klasse, seier Enger.

- Eg oppmodar byggjenæringa til å satsa på berekraftige og samfunnsgagnlege kvalitetar. Statens byggeskikkpris skal synleggjere og påskjøne god byggjeskikk og samstundes inspirere til å oppfylle sentrale kvalitetar innanfor universellutforming og miljø, seier Navarsete. 

Utstilling i Oslo rådhus
I Oslo rådhus kan ein frå den 26. juni sjå nærare på god byggjeskikk. Utstillinga syner vinnaren av Statens byggeskikkpris 2013, samt dei seks andre nominerte prosjekta i bilete, ord og teikningar. Utstillinga vil vera open til 19. juli.

Heidrande omtale til to bygg
St. Olavs hospital, Trondheim og Steilneset Minnested, Vardø fekk heidrande omtale av juryen.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.