Historisk arkiv

Bustadmeldinga 2013

Det skal gå raskare å byggje bustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Me treng betre bustadplanlegging og raskare og meir føreseieleg sakshandsaming for å få fart på bustadbygginga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Me treng betre bustadplanlegging og raskare og meir føreseieleg sakshandsaming for å få fart på bustadbygginga, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

I bustadmeldinga vil regjeringa setje i verk fleire tiltak som skal gjere plan- og byggjesaksprosessane meir effektive. Målet er å setje fart i bustadbygginga.

– Med enklare og raskare offentlege prosessar, vil det gå kortare tid før bygginga kan setjast i gong. Det vil også gje lågare kostnadar, seier Navarsete.

Regjeringa vil gå gjennom motsegnsinstituttet og mellom anna sjå på korleis Fylkesmannen betre kan samordne dei statlege interessene på eit tidleg stadium i planarbeidet. Det vil gjere plan- og byggjeprosessane raskare.

- Alle viktige nasjonale og lokale omsyn må bli kjende så tidleg som mogleg i prosessen, seier statsråden.

I dag må den første utbyggjaren i eit byggjeprosjekt sørgje for all infrastruktur knytt til utbygginga, til dømes barnehagar og skular. Regjeringa vil no vurdere bruken av dei sokalla ”rekkefølgjekrava”, slik at dei ikkje blir eit hinder for utbygging.

- Me må sikre eit godt samarbeid mellom stat, fylke, kommunar og utbyggjarar, slik at ein kan planlegge kor nybygg skal kome og kor det er smart å etablere nye bustadfelt, seier Navarsete.

For å betre bustadplanlegginga i og rundt dei store byane, vil regjeringa utarbeide statlege planretningslinjer for bustad-, areal- og transportplanlegging. Regjeringa varslar samstundes ein forenkling av reglane for ekspropriasjon, slik at dei kan brukast for å få fortgang i prosjekt som stopper opp. Dette er eit verktøy som skal brukast med varsemd der store samfunnsinteresser står på spill.

Regjeringa vil òg evaluere reglane om utbyggingsavtalar og sjå på korleis kommunane kan nytte tomtepolitikken i å få i gang ynskte bustadprosjekt.

– Sjølv om kommunane har regulerte tomter, er det ikkje alltid prosjekta kjem i gang. Kommunane treng gode verkemiddel for å stimulere til at byggjeprosjekt vert gjennomførte, seier Navarsete.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.