Historisk arkiv

Bustadmeldinga

Ein betre leigemarknad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa vil leggje til rette for tryggare buforhold for leigarar, og stimulere betre til utleigeverksemd. – Leigemarknaden blir viktigare i åra som kjem, både for unge, arbeidsinnvandrar og andre som ynskjer å leige, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil leggje til rette for tryggare buforhold for leigarar, og stimulere betre til utleigeverksemd. – Leigemarknaden blir viktigare i åra som kjem, både for unge, arbeidsinnvandrar og andre som ynskjer å leige, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Regjeringa vil sende på høyring eit framlegg om å auke minstetida på tidsbestemte husleigekontraktar frå tre til fem år.

– Sjølv om mange som leiger bur godt, veit vi at ein del barnefamiliar flyttar svært ofte. To ekstra år kan bety mykje for einskilde familiar, seier Navarsete.

Mange kommunar treng fleire utleigebustader. Regjeringa vil vurdere korleis grunnlånet til Husbanken kan nyttast betre for å fremje gode og langsiktige utleigeprosjekt.

– Kommunane kan på ulike måtar stimulere til fleire utleigebustader, og staten må hjelpe til at dei kan lære av kvarandre, seier Navarsete.

Leigemarknaden treng gode institusjonar. Regjeringa vil arbeide for å utvide Husleigetvistutvalet (HTU) til fleire delar av landet.

Husbanken har i 2012 støtta leigebuarorganisasjonane økonomisk, mellom anna for ei utvida satsing på nasjonal organisering av leigebuarar. Regjeringa vil halde fram med å styrkje leigebuarorganiseringa.

– Leigebuarorganisasjonane talar leigarane si sak i det offentlege rom, og kan hjelpe leigarar i utsette situasjonar med å hevde rettane sine, seier Navarsete.

 

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.